På oppmøtedagen er det plassert ut uniformert personell på trafikknutepunkta der du skal møte. Dei fortel deg korleis du skal kome deg vidare.
Oppmøte på Sessvollmoen
Det står uniformert personell på Gardermoen som fortel deg kva du skal gjere for å kome deg til leiren.
Forsvaret har satt opp bussar som tek deg frå Gardermoen til Sessvollmoen. Bussane kjører i skytteltrafikk mellom Gardermoen og Sessvollmoen. Dei kjører når dei er fylt opp og ikkje på noko bestemd tidspunkt.
Innrykket på Sessvollmoen varer berre ein dag, og du blir sendt videre til tenestestedet på ettermiddagen eller kvelden.
Oppmøte på KNM Harald Haarfagre (Madla)
Det står uniformert personell på togstasjonen i Stavanger som fortel deg korleis du skal kome deg vidare.
Tek du flybussen frå Sola flyplass kan du gå rett av utafor leiren.
Oppmøte på Terningmoen
Det er gangavstand frå Elverum jernbanestasjon til leiren. Dei fleste bussar til Elverum stoppar utafor leiren. Dei andre bussane har endestasjon på jernbanestasjonen.
Lander du med fly på Gardermoen kan du anten ta tog (via Hamar) til Elverum eller du kan ta buss.
Møte dagen før?
Om du ikkje kan møte presist på grunn av tog-, buss- eller flytider, kan du møte dagen før. Berre meld deg i porten/vakta. Hugs å ta med matpakke dersom du kjem seint.
- Madla: Kjem du med fly, ta flybussen til leiren. Kjem du med tog eller buss, ta rutebuss frå sentralstasjonen til leiren. Du treng ikkje ringje i førevegen.
- Sessvollmoen: Ring Forsvaret på 03003 (tast 1) i førevegen for å ordne transport frå Gardermoen til leiren.
Dette skjer dei første dagane
Dei 2–3 første dagane i Forsvaret dreiar seg om å samle inn rett informasjon om deg. Du skal mellom anna gjennom (alt er obligatorisk):
- Tannlegesjekk
- Blodprøve og vaksinasjon
- Måling av høgde, vekt, syn og fargesyn
- Samtale med lege og psykolog
- Samtale med økonomioffiser
- Fotografering til ID-kort
- Narkotikasøk