Utsetjing av førstegongstenesta

Illustrasjonsbilde - Utsetjing av førstegongstenesta

For deg som treng utsetjing eller fritak.

Slik søkjer du

  1. Fyll ut søknadsskjemaet som følgde med innkallinga di, eller skriv ein generell søknad.
  2. Legg ved relevant dokumentasjon. NB! Dersom dokumentasjon ikkje ligg ved, blir søknaden send i retur.
  3. Send søknaden i posten til denne adressa:

Vernepliktsverket
Postboks 800, Postmottak
2617  Lillehammer
 
Normal saksbehandlingstid er 4–6 veker. Du får svar i posten.

Årsaker til utsetjing

Går du på vidaregåande skule på oppmøtetidspunktet, kan du søkje om utsetjing. Send inn søknad med stadfesting på at du går på vidaregåande skule så fort som råd. Er du lærling på oppmøtetidspunktet, kan du òg søkje om utsetjing. Send inn søknad med kopi av offentleg godkjend lærlingkontrakt, så fort som råd.
Dersom du har fått studieplass, og samstundes fått innkalling til førstegongsteneste med frammøte i juli, august eller september, må du be skulen om å reservere studieplassen din i eit år medan du avtener førstegongstenesta. Får du ikkje reservert studieplassen på høgskulen/universitetet i eitt år, må du søkje om å få utsett førstegongstenesta. Legg ved dokumentasjon frå skulen som fortel kvifor det ikkje er mogleg å reservere studieplassen.

Er du allereie student ved ei høgare utdanning når du får innkalling, får du vanlegvis utsetjing. Send søknad med stadfesting på at du har studieplass, så fort som råd. Ønskjer du å gjennomføre førstegongstenesta? Då kan du søkje utdanningsinstitusjonen om å få fryst studieplassen din det året du er i Forsvaret. Send ein søknad til høgskulen/universitetet du studerer ved. Legg ved ein kopi av innkallinga. NB! Dette må du avklare så fort som råd.

Har du etter sesjon del 2 fått ein skade, ein sjukdom eller eit anna helseproblem som du meiner har noko å seie for evna di til å gjennomføre førstegongsteneste, kan du søkje om utsetjing.

Send søknad med dokumentasjon frå lege om den nye situasjonen du er i. Det er viktig at søknaden inneheld opplysningar om dei plagene eller lyta du har, dokumentasjon på utførte undersøkingar (røntgen, blodprøver osv.), funksjonsbeskriving og diagnose. Når du søkjer om utsetjing, er det viktig at legen gjer ei vurdering av tidsperioden for prognosen din.

Legeerklæringa må vere av nyare dato. Søknaden og dokumentasjonen blir vurdert av militære legar.
Du kan søkje om utsetjing av førstegongstenesta på grunn av økonomiske eller sosiale årsaker. Kvar søknad blir behandla individuelt. Hugs å leggje ved relevant dokumentasjon.
 
Forsvaret dekkjer ein del faste utgifter medan du er inne til førstegongsteneste. Les meir om økonomisk støtte.

Arbeidsmiljølova gir deg rett til permisjon frå jobben når du skal inn til førstegongsteneste. Det er derfor ikkje vanleg å få utsett førstegongstenesta på grunn av arbeid.

Utsetjing på grunn av arbeid kan du få dersom:

- Arbeidsplassen din blir påført vesentlege tap
- Livsviktige funksjonar stoppar opp
- Arbeidsplassar må leggjast ned dersom du må inn til førstegongsteneste

Kvar søknad blir behandla individuelt. Søknaden må innehalde dokumentasjon frå arbeidsgivaren.