Førstegongsteneste gjev grunnleggjande soldatutdanning. Du lærer blant anna å opptre sjølvstendig, følgje ordrar og handtere våpen. I tillegg får du erfare korleis det er å bu, jobbe og samarbeide tett med andre menneske.
Korleis avtene førstegongsteneste?
Det finst mange
moglegheiter under førstegongstenesta. Forsvaret har som mål at alle skal få ei førstegongsteneste dei synest er meningsfull. På
sesjon snakkar du med sesjonsoffiseren om kva som kan passe for deg.
Tek du
læretida di i Forsvaret, blir det første året gjennomført som førstegongsteneste. Tek du ei
utdanning i Forsvaret, blir det første året godkjent som førstegongsteneste.
Aldersgrense
Du må ha fylt 18 år innan du tek til med førstegongstenesta. Det gjeres unntak frå denne regelen for dei som tek læretida si i Forsvaret. Dei kan vere 17 år, men må fylle 18 år i opptaksåret.
Øvre aldersgrense for førstegongsteneste er vanlegvis innan det året du fyller 28 år. Øvre aldersgrense for å bli kalla inn på sesjon er innan det året du fyller 25 år.
Kvifor førstegongsteneste?
utdanning i Forsvaret.
På same måte som høgare utdanning (minst 60 studiepoeng) og folkehøgskule, gjer fullført førstegongsteneste (eller utdanning i Forsvaret)
2 tilleggspoeng. Det er ikkje mogleg å få meir enn totalt 2 tilleggspoeng frå høgare utdanning, folkehøgskule eller militærteneste.
Frivillig førstegongsteneste for kvinner
Jenter har same moglegheiter som gutar i førstegongstenesta.
Sivilteneste
Den sivle verneplikta (sivilteneste) er avvikla frå 1. juli 2012. Det er likevel mogleg å søkje fritak for militærteneste av overtydingsgrunnar. Søknad kan tidlegast leggjast fram på sesjon del 2.