Kvinner i Forsvaret og viljeserklæring for kvinner

Illustrasjonsbilde - Kvinner i Forsvaret
Kvinner er ikkje vernepliktige og vel sjølve om dei vil tenestegjere i Forsvaret.
For å kunne tenestegjere i Forsvaret må dei bli kjende tenestedyktige på sesjon. Jenter som er fødd 1992 eller seinare har sesjonsplikt på lik linje med gutar. Dei må vere mellom 18 og 44 år og vere norske statsborgarar.
 

Søkje om sesjon

Er du fødd før 1992, og ønskjer å bli kalla inn på sesjon, må du skrive ut og sende inn dette skjemaet (pdf).
 

Viljeserklæring for kvinner

Kvinner som byrjar på ei utdanning i Forsvaret, eller avtener frivillig førstegongsteneste, må skrive under på ein viljeserklæring. Det betyr at dei tek på seg tenesteplikt, og at dei får dei same rettane og pliktene som vernepliktige.

Etter at viljeserklæringa er signert og stempla, har du dei same pliktene
som vernepliktige menn. Det vil mellom anna seie:

  1. Du kan ikkje avbryte tenesta utan vidare
    Du må ha ein gyldig grunn for å avbryte førstegongstenesta. Denne grunnen blir vurdert av Forsvaret. Dersom du vel å avbryte utdanninga i Forsvaret, kan Forsvaret påleggje deg å gjennomføre den resterande tida av utdanninga som førstegongsteneste. 
  2. Tenesteplikta gjeld til du fyller 44 år (55 år for vernepliktig befal)
    Det vil seie at Forsvaret kan kalle deg inn til teneste igjen – ved krise, krig eller til repetisjonsøvingar i fredstid – fram til utgangen av det året du fyller 44/55 år. 
  3. Tenesteplikta inneber totalt 19 månaders teneste
    Førstegongstenesta varer vanlegvis i 12 månader. Fullført befalsutdanning og det første året som lærling blir godskrive som førstegongsteneste og utgjer 12 månader av tenesteplikta. Dei resterande 7 månadene kan Forsvaret kalle deg inn til repetisjonsteneste eller årleg øving i Heimevernet (ca. 5 dagar i året). Frivillig teneste utover lengda av førstegongstenesta er ikkje del av tenesteplikta. Det er heller ikkje opptaksveka i samband med opptak til befalsutdanning i Forsvaret.

Du treng ikkje signere viljeserklæringa før du møter til utdanning/teneste.

Les villighetserklæringen på bokmål (pdf)
Les viljeserklæringa på nynorsk (pdf)

Like tenestevilkår

Kvinner har dei same karriere- og lønnsmoglegheitene i Forsvaret som menn.
Militære kvinner har dei same rettane ved svangerskap, fødsel og amming som andre kvinnelege statstilsette.
 

Historie

I 1977 vart dei to første jentene tekne opp ved ein av befalsskulane til Forsvaret, og i 1979 vart dei første kvinnelege kadettane tekne opp på Krigsskolen til Hæren. I 1985 vart det innført frivillig førstegongsteneste for kvinner.
 
I 1982 vart den første kvinnelege militære embetsmannen utnemnd: oberstløytnant Elisabeth Sveri. Kristin Lund vart Noregs første kvinnelege general då ho i 2009 vart utnemnd til generalmajor. Ho vart samstundes beordra som generalinspektør for Heimevernet.

Hennar Majestet Dronning Sonja har den militære graden brigader.