Heimevernet støttar det sivile samfunnet, forsvarsgreinene og totalforsvaret i fred, krise og krig. Personellet i Heimevernet har fullført førstegongsteneste eller teke ei utdanning i Forsvaret.
Heimevernet i verneplikta
Alle som gjennomfører førstegongsteneste, læretid eller befalsutdanning i Forsvaret, har 19 månader tenesteplikt. Dei tolv første månadene blir fylte med førstegongsteneste eller utdanning i Forsvaret. Dei sju siste månadene av tenesteplikta kan du påleggjast å avtene i Heimevernet.
Frivillig teneste som jobb, engasjement eller deltaking i internasjonale operasjonar blir ikkje trekte frå dei attverande sju månadene av tenesteplikta.
Kven blir kalla inn til Heimevernet?
For å bli pålagd teneste i Heimevernet må du ha fullført førstegongsteneste og ha god helse og plettfri vandel.
I tillegg må du bli godkjend av den lokale kommunale heimevernsnemda. Der er det to representantar som er oppnemnde av kommunestyret, ein frå den lokale politietaten og sjefen for det aktuelle HV-området.