Korleis bli vernepliktig?

Illustrasjonsbilde - Korleis bli vernepliktig?
For å bli vernepliktig må du vere mann mellom 19 og 44 år. Du må vere norsk statsborgar og bli kjend tenestedyktig på sesjon.
Som menig eller utskrive befal er du vernepliktig til og med det året du fyller 44. Som vernepliktig befal er du vernepliktig til og med det året du fyller 55. Dei som gjennomfører 12 månaders befalsutdanning og 12 månader pliktteneste, blir vernepliktig befal.
 

Kva inneheld verneplikta?

Verneplikta medfører pliktteneste på 19 månder. Det tyder at vernepliktige kan kallast inn til å gjennomføre tolv månaders førstegongsteneste. Dei siste sju månadene av tenesteplikta kan Forsvaret kalle vernepliktige inn til repetisjonsteneste eller øving i Heimevernet.

10 000 i førstegongsteneste

Forsvaret treng kvart år rundt 10 000 personar til å gjennomføre førstegongstenste. Rundt 50 prosent av desse blir overført til Heimevernet når dei er ferdige. Der blir dei kalla inn til øvingar for å halde ved like både det dei har trent på, og kunnskapen om deira eiga rolle i krise eller krig.

Det er kvart år fleire som blir vernepliktige enn det Forsvaret har bruk for. Difor er det ein del vernepliktige som aldri tenestegjer. Dei er likevel vernepliktige, og dei kan kallast inn til Forsvaret viss Noreg kjem i ein situasjon med krise eller krig.
 

Kvinner og verneplikt

Verneplikta gjeld berre for menn. Kvinner som vil inn i Forsvaret, må skrive under på ein viljeserklæring.