Stortinget avgjer kvart år kor mange som skal inn til førstegongsteneste. Ut ifrå desse tala må Forsvaret finne ut kva som er best for organisasjonen. Behova til Forsvaret er avgjerande for kor mange som blir kalla inn til dei ulike greinene, utdanningane og tenestene.
Kven blir valde ut til førstegongsteneste i Forsvaret?
På sesjon del 1 og 2 må du ha vorten godkjend for teneste i Forsvaret. Å bli godkjend for teneste i Forsvaret blir òg kalla «å bli kjend tenestedyktig».
Ikkje alle blir kalla inn
Krava for å bli kjend tenestedyktig på sesjon er i mange tilfelle lågare enn krava som blir stilde til soldatar som skal gjennomføre førstegongsteneste. Difor er det kvart år mange som er godkjende for Forsvaret, som aldri blir kalla inn til teneste. På sesjon vurderer sesjonsoffiseren kva for tenester du kvalifiserer til.
At du har god helse er eit viktig kriterium for at du
skal bli vald ut til førstegongsteneste. Dei fysiske krava varierer frå
tenstestype til tenestetype.
Utdanning Forsvaret treng
Har du ei utdanning eller yrkeserfaring Forsvaret kan ha nytte av, må du rekne med å bli kalla inn til førstegongsteneste. Døme på dette er mekanikarar eller dei med maritime fag. Somme med utdanning på høgare nivå, som legar, prestar, psykologar, veterinærar og tannlegar, kan bli kalla inn som vernepliktig akademisk befal (VAB).
VAB-kategoriar:
Når blir eg kalla inn?
Du blir vanlegvis kalla inn til førstegongsteneste etter at du er ferdig med vidaregåande opplæring. Det er eit krav at du må ha fylt 18 år.
Dei som skal gjennomføre læretida si i Forsvaret, kan byrje når dei er 17 år.
Kven blir valde ut til utdanning i Forsvaret?
For å kome inn på ei av utdanningane til Forsvaret må du oppfylle nokre absolutte fysiske krav. I tillegg må du gjennom ein opptaksperiode. Der blir du prøvd både fysisk og psykisk for å sjå om du har dei eigenskapane Forsvaret ønskjer seg av ein offiser.