Nulltoleranse

Illustrasjonsbilde - Nulltoleranse
Forsvaret har nulltoleranse for narkotika og doping.
Teneste i Forsvaret og bruk av rusmiddel høyrer ikkje saman. Brot på narkotika- og dopinglovgivinga er straffbart for personell i Forsvaret.
 
Bruk av rusmiddel fører til svekt kontroll og vurderingsevne. Misbruk av rusmiddel verkar nedbrytande på disiplinen og moralen, både hos den enkelte og hos omgivnadene. Rusmiddel er derfor ein fare for tryggleiken til personell i Forsvaret.
 
Kombinasjonen av rusmiddelbruk og militærteneste, som mellom anna inneber bruk av store køyretøy, skyteøvingar og ferdsel i krevjande terreng, er heilt uakseptabelt.
 
For personell som tenestegjer i Forsvaret, gjeld nulltoleransen heile tida, også ved permisjonar.

Straff og konsekvensar

Misbruk av narkotika i Forsvaret fører til melding til politiet og eventuell straff etter legemiddellova og/eller straffelova. Forholdet vil då kome som merknad på det sivile rullebladet.

Bruk, innehav og kjøp av dopingmiddel blir ikkje ramma av straffelova § 162b, men Forsvarssjefen har bestemt at det er forbode for personell i Forsvaret. Bruk, innehav eller kjøp av dopingmiddel blant personell i Forsvaret kan derfor føre til refs eller ordensstraff.
 
Blir du straffa for brot på narkotika- og dopinglovgivinga, kan du bli dimittert frå Forsvaret. Dersom du ikkje blir dimittert, kan du misse tryggleiksklareringa di. Det kan føre til at du må byte tenestestilling og eventuelt tenestestad.