Du søkjer om stønad etter at du har møtt til teneste. Der får du prate med ein sosialsaksarbeidar i leiren. Hugs å ta med all dokumentasjon du treng.
Satsar sist oppdatert 1. juli 2010.
Du kan søkje om stønad til å dekkje buutgiftene dine.
Med buutgifter meiner vi:
- Husleige
- Renter og kostnader på bustadlån
- Renter og kostnader på lån til depositum, innbu eller oppussing
- Straum eller andre utgifter til brensel
- Kommunale avgifter
- Bustad-/innbuforsikring
- Abonnementsavgift for telefon/mobiltelefon, maksimum 200,- kroner per månad
- Abonnementsavgift for Internett, maksimum 350 kroner per månad
- NRK-lisens
- Kabel-TV-avgift dersom det ikkje er integrert i husleiga
- Fellesutgifter/husleige til burettslag eller sameige
Søknaden din blir behovsprøvd. Det vil seie at du kan få heil, delvis eller inga støtte til buutgifter du har under førstegongstenesta. Forsvaret overtek ikkje økonomiske forpliktingar som du frivillig har teke på deg.
Kriterium for å få dekt buutgifter:
- Du må bu i bustaden det blir søkt om stønad for, og du må ha budd der i meir enn fire månader før oppmøte.
- Du må vere registrert i folkeregisteret med adressa til bustaden. (Her er det unntak for studentar.)
- Du må sjølv ha hatt midlar til å dekkje buutgiftene. Det må vere samsvar mellom inntektene og utgiftene dine.
Dokumentasjon du må ta med
Når du møter til teneste i Forsvaret, er det viktig at du har med deg dokumentasjon på buutgiftene dine.
Dersom du leiger bustad, må du ta med:
- Husleigekontrakt
- Kvittering fra bank som viser at du har betalt husleige dei fire siste månadene før oppmøte
- NB: Gifte eller sambuarar med felles barn treng stadfesting på betalt husleige den siste månaden før oppmøte
Dersom du eig bustad sjølv, må du ta med:
- Tinglyst skøyte/kjøpekontrakt for bustaden som dokumentasjon på kjøpesum/innskot
- Bankopplysningar om bustadlån
Ta også med:
- Rekning og kvittering for siste betalte straumrekning, NRK-lisens, kommunale avgifter, betalte internettabonnement og/eller mobilabonnement
- Polise og kvittering for bustad-/innbuforsikring
- Bustadsbevis frå folkeregisteret
- Utskrift av likninga for det siste året
- Lønnsslippar for dei siste fire månadene før oppmøte
- Stadfesting frå arbeidsgivaren om det blir gitt lønn eller ytingar under førstegongstenesta eller ikkje
- For skuleelevar/studentar: siste utbetalingsslipp frå Lånekassen for utdanning
- Karakterutskrift/vitnemål eller annan dokumentasjon på skulegang siste semester
- Den som ikkje har vore i lønt arbeid eller under utdanning, må dokumentere anna inntekt dei siste fire månadene før oppmøte
Er du gift, sambuar med felles barn eller registrert partnar, må du også ta med:
- Vigselattest (gjeld berre gifte og registrerte partnarar)
- Dåpsattest/fødselsattest for felles barn
- Utskrift av likninga for det siste året
- Utskrift av likninga for det siste året for ektefelle/partnar/sambuar med felles barn
- Stadfesting på inntekt for ektefelle/sambuar/partnar under førstegongstenesta di
- Dersom ektefellen/sambuaren/partnaren ikkje er i inntektsgivande arbeid, må du ta med ei stadfesting frå NAV (trygdeytingar eller sosialhjelp)
- Stadfesting av at ektefellen/sambuaren/partnaren går på skule
Heimebuarstatus
Enkelte soldatar kan få heimebuarstatus medan dei er inne til førstegongsteneste. Det vil seie at dei bur og et privat (hos foreldre eller i eigen bustad). I rekruttperioden må dei aller fleste bu i leiren. Heimebuarstatus er frivillig, og du må søkje.
Ein føresetnad for å få heimebuarstatus er at heimen din ligg i nærleiken av tenestestaden.
Søknad om heimebuarstatus kan godkjennast når
a) Avdelinga ikkje har forlegning eller forpleiingskapasitet
b) Det ligg føre sosialmedisinske eller andre tungtvegande velferdsgrunnar. Gifte og sambuande med omsorg for barn har prioritet.
Dei som får heimebuarstatus får ekstra pengar frå Forsvaret til mat.
Dei som får heimebuarstatus og har meir enn 2,5 kilometer til tenestestaden, får også dekt reise kvar dag på billigst måte (eksempel: månadskort).
Du kan òg søkje om støtte til å betale:
- Renter/omkostningar på lån til arbeidsverktøy
- Renter/omkostningar på studielån (Lånekassen)
- Renter/omkostningar på lån til studium tekne opp i privat bank
- Personforsikring (ikkje bil eller reiseforsikring)
- Støttetiltak/stønad til sjølvstendig næringsdrivande