Før du møter

Illustrasjonsbilde - Oppmøte til førstegongsteneste

Lurer du på kor du skal møte, kva du skal ta med eller kva som skjer dersom du ikkje kan møte?

Bestille reisa til oppmøte

Er reisetida under 10 timar, dekkjer Forsvaret reisekostnadene dine med tog eller buss til oppmøtestaden. For å få dekt alle utgiftene må du reise på den billigaste måten. Hugs å vise fram innkallinga når du kjøper billett. Då får du rabatt.
 
Ta vare på alle reisekvitteringane dine. Dei må du levere når du skriv reiserekning ved oppmøte.
 
Togbillett bestiller du hos NSB på www.nsb.no, telefon 815 00 888, eller på billettautomatane.
Er reisetida over 10 timar, har du krav på gratis flyreise. Informasjon om korleis du bestiller fly, står i innkallinga til dei det gjeld.
 
Du skal ikkje betale noko for flybilletten. Forsvaret refunderer ikkje flybillettar som er bestilte privat.
 

Slik bestiller du fly:

1. Ring 64 80 33 32, 64 80 33 34 eller 64 80 33 37 (kl. 08.00–15.30).
2. Oppgi referansenummeret som står i innkallingsbrevet ditt. Har du mist nummeret, må du først ringje 03003 (tast 1) for å få nytt.
3. Avtal tid og stad for reisa.
4. Du får opplese eit nytt referansenummer i retur. Ta godt vare på dette nummeret. Du skal bruke referansenummeret for å løyse ut flybilletten på flyplassen.

Oppmøtestader – slik finn du fram

Det står uniformert personell på Gardermoen som fortel deg kva du skal gjere for å kome deg til leiren.

Forsvaret har satt opp bussar som tek deg frå Gardermoen til Sessvollmoen. Bussane kjører i skytteltrafikk mellom Gardermoen og Sessvollmoen. Dei kjører når dei er fylt opp og ikkje på noko bestemd tidspunkt.

Innrykket på Sessvollmoen varer berre ein dag, og du blir sendt vidare til tenestestaden på ettermiddagen eller kvelden.
Kjem du med tog til Stavanger må du ta rutebuss nr. 29 frå haldeplass 32.

Tek du flybussen frå Sola flyplass kan du gå rett av utafor leiren. Hugs militær rabatt på flybussen.
Det er gangavstand frå Elverum jernbanestasjon til leiren. Dei fleste bussar til Elverum stoppar utafor leiren. Dei andre bussane har endestasjon på jernbanestasjonen.

Landar du med fly på Gardermoen kan du anten ta tog (via Hamar) til Elverum eller du kan ta buss.

Pakkliste – ting du må ta med

- Innkallinga, som gir deg rabatt på tog, buss og båt
- Identifikasjon (bankkort, førarkort eller anna)
- Kontonummeret ditt, for utbetaling av reisegodtgjering og dagpengar
- Matpakke til den første dagen (det kan gå lang tid før du får mat i leiren)
- Lommepengar til dei første vekene (det tek vanlegvis eit par veker før du får utbetalt det første tenestetillegget)
- Toalettsaker
- Kopiar av vitnemål og attester du meiner er relevante for Forsvaret
- Førarkort og andre sertifikat
- Synstest for førarkort (kan du få hos ein optikar)
- Vaksinasjonsattestar
- Legeattestar (som er nye etter sesjon del 2)
- Nødvendige medikament (NB! Medikamenta må ha original emballasje)
- Dokumentasjon på at du treng økonomisk støtte
Forsvaret skal dekkje behovet for mat og klede under førstegongstenesta. Forsvaret dekkjer ikkje behovet for tolettsaker. Dei må du ha med sjølv.
 
Andre ting som det kan vere lurt å ha med:
 
Tidsfordriv: Dei første dagane i Forsvaret er lange og prega av mykje venting. Då kan det vere greitt å ha med ei bok, ein MP3-spelar eller ein kortstokk.
 
Eigne klede: Eit skift med eigne klede i tillegg til det du har på deg, kan vere greitt å ha med. Det er ikkje alltid at du får uniform første dagen i Forsvaret. Etter at du får utlevert uniform, må du den første perioden ha uniform på heile tida. Etter kvart er det lov å ha eigne klede i fritida.
 
Undertøy: Forsvaret har undertøy, men det er laga etter prinsippet om at éin modell skal passe for alle. Har du spesielle behov, kan det vere lurt å ha med noko eige. Jenter bør ta med nokre eigne bh-ar, både til trening og til kvardags.
 
Treningsklede: Forsvaret har treningsklede og skor, men også dei er laga etter prinsippet om at éin modell skal passe for alle. Du får derfor lov til å bruke eigne treningsklede og eigne treningsskor.
 
Klokke: Det er viktig å vere presis i Forsvaret. Ta derfor med deg ei klokke som du ikkje er redd for. Mobiltelefonen må leggjast att på rommet når du er i teneste. Du kan derfor ikkje basere deg på å bruke telefonen som klokke.
 
Stort badehandkle: Handklea til Forsvaret varierer i storleik. Liker du å gå frå dusjen til rommet ditt i berre handkle, kan det vere lurt å ta med eit du veit dekkjer heile kroppen.
 
Slippers: Når mange skal dusje på kort tid, kan det bli litt møkkete og vått i dusjen og garderoben. Mange liker derfor å bruke slippers når dei dusjar. Dei er også praktiske å ha på vegen tilbake til rommet etter at du er ferdig i dusjen.
 
Gnagsårplaster, sportstape, negleklippar, leatherman og hovudlykt kan det òg vere kjekt å ha med.
 
Dei som har langt hår, må ta med eit rikeleg utval av nøytrale hårstrikkar og hårspenner.

Spørsmål og svar

Å møte litt forseinka er greit. Blir du litt forseinka til oppmøte, på grunn av trafikkaos eller andre uventa hendingar som du ikkje kan klandrast for, går det fint.

Er forseinkinga under ein time, treng du ikkje gjere noko.

Blir du meir forseinka enn ein time, må du ta kontakt med Forsvaret på telefon 03003 (innval 1).
Om du ikkje kan møte presist på grunn av tog-, buss- eller flytider, kan du møte dagen før. Berre meld deg i porten/vakta. Hugs å ta med matpakke dersom du kjem seint.

Madla:
Kjem du med fly, ta flybussen til leiren. Kjem du med tog eller buss, ta rutebuss frå sentralstasjonen til leiren. Du treng ikkje ringje i førevegen.

Sessvollmoen:

Ring Forsvaret på 03003 (innval 1) i førevegen for å ordne transport frå Gardermoen til leiren.
Oppmøte til førstegongsteneste er pliktig. Sjukdom er ikkje grunn til å la vere å møte opp.

Sjuk, men transportdyktig?
Du må møte i samsvar med innkallinga. Ved oppmøte melder du frå om at du er sjuk. Då er det Forsvaret som tek ansvar for helsa di og eventuell behandling.

Sjuk, og ikkje transportdyktig?
Du må med ein gong ta kontakt med Forsvaret på telefon 03003 (innval 1) dersom du er så sjuk at du ikkje er transportdyktig.

Du må kome deg til lege og få ei legeerklæring, som må sendast til Forsvaret så fort som råd. Legeerklæringa må stadfeste at ei reise til oppmøtestaden anten er farleg for deg eller forverrar helsetilstanden din. Forsvaret vil ut frå legeattesten avgjere om og eventuelt når du skal møte.
Det er straffbart ikkje å møte i samsvar med innkallinga, med mindre du har fått utsetjing eller fritak frå Forsvaret.
 
Dersom du ikkje møter til førstegongsteneste i samsvar med innkallinga, blir det oppretta ei sak på det av Forsvaret. Saka blir send til krigsadvokaten. Krigsadvokaten avgjer om det skal opprettast sivil straffesak.

Nei. I samband med pliktig eller frivillig militærteneste har du, ifølgje arbeidsmiljølova § 12-12, rett til permisjon.

Merk! Hugs å melde frå til arbeidsgivar at du er kalla inn til teneste.