Arkivsak: Denne artikkelen ble opprinnelig publisert 5. jun 2012.

28 soldatar heidra for innsatsen

Geir Sigurd (32) og 27 andre kollegaer heidra for tapper og heltemodig innsats i internasjonale operasjonar.
​​28 soldatar vart i dag, fredag, heidra for innsatsen dei har gjort i internasjonale operasjonar for Forsvaret. Dei har, i teneste for landet, utført mot, tapperheit og edel dåd, og utsett sitt eige liv for fare.

Geir Sigurd Wigdehl (32), som jobbar i Telemark bataljon, er av forsvarssjefen tildelt Forsvarets medalje for Edel Dåd. På diplomen hans står det følgjande: At han med stor fare for sitt eget liv, i meget vanskelig terreng, berget ut en hardt såret afghansk soldat 16. juni 2011. Hans innsats var av stor betydning for relasjonsbygging og respekt mellom den afghanske og norske avdeling.

Med ein døande afghansk soldat over skuldrane kjempa han for kollegaen og sitt eige liv i rundt 40 varmegrader i eit dalstrok sør for Maimaneh i Afghanistan. Denne hendinga imponerer formannen i Forsvarssjefens stridsdekorasjonsråd, generalmajor Johan Brun.

- Mange meiner dei berre har gjort jobben sin. Men når ein ser kva dei har gjort, mellom anna soldaten som gjorde alt for å redde livet til sin afghanske kollega, så er det heilt eineståande for meg. Eg har nesten ikkje ord. Slike historiar gjør meg skikkeleg stolt av å jobbe Forsvaret. Mange har gjort ein rørande innsats i farlege og vanskelege situasjonar, seier Brun.

OFRA LIVET: Geir Sigurd Wigdehl ofra livet for å berge ein afghansk kollega. Er er han tilbake i leiren etter oppdraget der han utførte heltemodig innstats. Foto: Forsvaret

RISIKERTE LIVET: Geir Sigurd Wigdehl risikerte livet for å berge ein afghansk kollega. Her er han tilbake i leiren etter oppdraget der han utførte heltemodig innsats. Foto: Forsvaret



- Ein forlet ikkje ein kollega som er såra eller død

Den 16. juni 2011 var Geir Sigurd Wigdehl - saman med 150 soldatar frå dei norske styrkane og 350 soldatar frå den afghanske hæren - ute på oppdrag i Afghanistan. Dei var på veg opp ei bratt fjellside i kvelande varme, for å undersøkje nokre holer på jakt etter opprørarar frå Taliban.

Wigdehl skildrar fjellsida som terrenget på Galdhøpiggen, bratt og ullent.

Etter tre-fire timar i oppoverbakke, 150 meter frå holene som skulle undersøkjast, blir dei brått angripne av opprørarar frå Taliban. Ein av dei afghanske soldatane som var med dei norske styrkane, vart skoten i hovudet under åtaket.

- Ting skjedde veldig fort. Eg tenkte; no dør vi, dette klarer vi ikkje. Men vi kjempa det vi kunne, seier 32-åringen.

Wigdehl høyrde pustelydar frå den afghanske soldaten, men han forstod at det ikkje var stort håp. Livet stod ikkje til å redde.

- Det var ei stemme inne i hovudet mitt som sa at eg ikkje måtte gi opp, og at eg hadde ein jobb å gjere. Ein forlet ikkje ein kollega som er såra eller død. Alle skal vere med heim igjen, uansett, seier Wigdehl.

Han er beskjeden når han fortel om det som skjedde, og fortel om hendinga på lågmælt vis. Sjølv kan han ikkje heilt forstå kvifor han får den gjevaste utmerkinga som forsvarssjefen kan gi:

- Det er ei ære å bli heidra, men eg føler eg berre gjorde jobben min. Eg gjorde det eg måtte, og det eg er trent på.

Sjef for mekanisert infanterikompani 4 i Telemark bataljon, Jørgen Bull, er stolt av Wigdehl og dei andre kollegane i Forsvaret som fekk medalje av forsvarssjefen.

- Geir Sigurd gjorde ein eksepsjonell og god jobb. Han gjorde det med livet som innsats, seier Bull.

Han fortel at styrkane var ute på ein stor operasjon då dei vart angripne.

- Taliban hadde tatt kontroll på dalstrøket, og der hadde dei hatt kontroll i nærare eitt år. Vårt oppdrag var å få dei vekk frå dalen. Vi trudde dei ville stikke då vi kom, men dei gjekk til åtak i staden, seier Bull.

Her ser ein terrenget som dei norske og afghanske soldatane kjempa mot Taliban i

Her ser ein terrenget som dei norske og afghanske soldatane kjempa i 16. juni 2011



- Viktig å heidre

To soldatar som tenestegjorde i Libanon på 70-talet, tre soldatar frå Balkan-krigen på 2000-talet og 23 soldatar som har tenestegjort i Afghanistan dei siste åra, fekk medalje av forsvarssjefen.

Geir Sigurd Wigdehl er den einaste som fekk Forsvarets medalje for Edel Dåd. Dei andre fekk tildelt Forsvarets innsatsmedalje og Forsvarets innsatsmedalje med rosett.

- Det er viktig å heidre dei som har gjort ein god og tapper innsats, og utført kløkt og forbilledleg leiing i farlege situasjonar, seier generalmajor Johan Brun.

- Dei som får medalje har gjort ei inntrykk på meg som neste er usletteleg, seier han vidare.

Fekk takk frå regjeringa

Statssekretær i Forsvarsdepartementet, Roger Ingebrigtsen, opna medaljeseremonien på Akershus festning, og takka for innsatsen på vegner av regjeringa.

- Mange nordmenn seier at USAs utanriksminister Hillary Clinton sitt besøk i Norge er det viktigaste som skjer i dag, men det er det ikkje. Det viktigaste som skjer i dag er å heidre dykk som har gjort ein formidabel innsats for landet. Eg er stolt av jobben som er gjort, og innsatsen som er vist, sa statssekretæren til soldatane og dei andre som hadde møtt opp under seremonien.

Forsvarssjef, general Harald Sunde, seier veteranane som vart heidra i dag betyr mykje for Forsvaret, demokratiet og for folket i Libanon, Kosovo og Afghanistan.

- Soldatane har sett seg sjølv til side for å redde sine kameratar, gjort sitt ytterste og sett andre større enn seg sjølv. Difor vil eg sei takk. Tusen takk for innsatsen. Vi skal vere stolte over at vi har slike soldatar i blant oss, sa Sunde.
Publisert 5. juni 2012 12:48.. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:16.