Arne PranArne Pranhttp://forsvaret.no/media/PubImages/290116pran002.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5227Arne Pran under ei markering på Bardufoss i 2015. Foto: Winnifred Steen, Hæren
29JAN16Pran00229JAN16Pran002http://forsvaret.no/media/PubImages/29JAN16Pran002.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5228Brigader Arne Pran etter utnemninga 29. januar 2016 i Den gamle krigsskulen i Oslo. Foto: Bjørn Frode Øvrebø

St. Olavs Orden til Arne Pran

​​​22. januar 2016 blei brigader Arne Pran frå Oslo utnemnt til St. Olavs Orden – Riddar av første klasse.

Arne Pran fekk utmerkinga for sitt samfunnsnyttige verke. Fredag 29. januar 2016 fekk Pran utnemninga under ein høgtideleg seremoni i Den gamle krigsskulen i Tollbodgata 10 i Oslo.

Utdelinga blei gjort av kansellisjefen ved Det kongelege hoff. Under seremonien talte Generalinspektøren for Hæren, generalmajor Odin Johannessen. Han førebiletet Arne Pran har vore for ein heil generasjon med leiarar og offiserar i Hæren. Arne Pran er ein offiser som veit kva ansvaret han ber med seg, vil seie. 

– Utan Arne Pran sitt bidrag og førebilete hadde ikkje eg vore der eg er i dag, sa Johannessen i sin tale.

Pran avslutta karrieren i Forsvaret som infanteriinspektør. Før det var han sjef for Brigaden i Nord-Noreg. Som brigadesjef stod han fram og tok på seg heile ansvaret for den tragiske skredulykka i Vassdalen, som kosta 16 soldatar livet under vinterøvinga i 1986. 

Etter dette har han deltatt aktivt i andre delar av samfunnet, mellom anna som styremedlem i Flyktninghjelpen og anna humanitært arbeid. Han har òg vore aktiv i å lære kommande offiserar om leiarskap.

– Eg vil gratulere og takke Arne Pran for innsatsen han har lagt ned – ikkje berre for Hæren, men òg for resten av samfunnet, sa generalmajor Johannessen til slutt i talen sin på Den gamle krigsskulen.

Publisert 1. februar 2016 10:44. av Hæren. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:27.