Vegbygging på Jan MayenVegbygging på Jan Mayenhttp://forsvaret.no/media/PubImages/070815janmayen002.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3378Landgangsfartøyet «Maursund» frakta soldatar og utstyr frå Nord-Noreg til Jan Mayen. Foto: Forsvaret
Vegbygging på Jan MayenVegbygging på Jan Mayenhttp://forsvaret.no/media/PubImages/070815janmayen001.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3374Det golde landskapet på Jan Mayen har gitt ingeniørane frå Hæren nye utfordringar. Foto: Forsvaret
Jan Mayen - vegbyggingJan Mayen - vegbygginghttp://forsvaret.no/media/PubImages/070815janmayen003.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3376I sommar har Ingeniørbataljonen hjelpt Cyberforsvaret med å bygge veg på Jan Mayen. Foto: Forsvaret

Annleis sommar på Jan Mayen

I sommar har Hæren støtta Cyberforsvaret med vegbygging på Jan Mayen.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Tilsette og vernepliktige frå Ingeniørbataljonen i Brigade Nord har i sommar hjelpt Cyberforsvaret med bygging av veg på Jan Mayen i Nord-Atlanteren.

Land​gangsfartøyet «Maursund» frakta maskinane til øya. Dette var tidlegare eit forsvarsfartøy, men opererer no ut frå Harstad. Mannskapa frå Hæren har saman med dei faste på øya, opplevd både St. Hans-feiring, anløp av hurtigruteskipet «Fram» og fleire andre cruisebåtar. Dessutan er alle blitt medlemmar i eksklusive Jan Mayen Nøgenbaderforening. Det meste av tida har likevel gått med til å lage veg.​

Nye venskapsband​

– Vi på stasjonen sett stor pris på styrkebidraget frå Brigade Nord, og vi har etablert mange venskapsband. Soldatane viser høg kompetanse og stor arbeidskapasitet. Dette har vore viktig for å få ferdig prosjektet, seier oberstløytnant Wiggo Johansen, stasjonssjef på Forsvarets stasjon på Jan Mayen.

I heile sommar har ingeniørsoldatane jobba tett med Cyberforsvaret sine øybuarar for å kome i hamn med det krevjande arbeidet. Prosjektet fekk ein vanskeleg start, etter at dårleg vêr forseinka frakten av soldatar og utstyr til Jan Mayen. Sidan har arbeidet gått nesten døgeret rundt. Resultatet har blitt bra, og samstundes har soldatane frå har Brigade Nord fått oppleve et annleis miljø i eit spesielt klima.

Glade for å kunne hjelpe​

– Det er flott at vi kan bruke våre kapasitetar til dette prosjektet. Våre ingeniørar har erfaring frå alle typar klima og himmelstrok. På Jan Mayen finst det ingen trugslar, men klimaet og jordsmonnet gir likevel nok av interessante utfordringar, seier oberstløytnant Aleksander Jankov, talsmann for Hæren.​

– Det har definitivt vore ein annleis sommar for alle dei involverte, legg Jankov til.

Ingeniørbataljonen er også glade ​​for å kunne hjelpe til med bygginga av vegen.

– For oss er det flott å møte dette svært isolerte miljøet, og å få hjelpe til med eit svært viktig og nødvendig arbeid», seier oberstløytnant Dag Magne Lunde, sjef for Ingeniørbataljonen.

Forsvaret på Jan MayenForsvaret på Jan Mayen
​​Forsvaret er ansvarleg for det permanente norske nærværet og hevding av norsk suverenitet på Jan Mayen. Sidan øya har vore ein sentral del av Norges sjønavigasjonssystem Loran C-kjeda, har Cyberforsvaret ansvaret for den militære bemanninga på øya. Forsvaret støtter òg annan norsk verksemd på Jan Mayen, mellom anna meteorologiske tenester og forsking.

Forsvaret har 18 personar fast til stades på øya. Dei har ansvar for Loran C-stasjonen og vedlikehald av kraftforsyning, flystripe med meir.  Dei er i stor grad isolert på øya store delar av året, og logistikk og forsyning ordnast av Luftforsvaret sine Hercules transportfly og sporadisk sjøtransport frå Nord-Noreg.

I 2016 stenger den norske Loran C-kjeda, men stasjonen på Jan Mayen skal fortsatt driftast.
http://forsvaret.no/aktuelt_/Lists/FactBoxList/DispForm.aspx?ID=3

Publisert 7. august 2015 09:55. av Hæren. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:23.