aktuelt_2241_etjfokus2019aktuelt_2241_etjfokus2019http://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=18752Meir offensivt. Kinesiske utskytingskøyretøy med ballistiske missil passerer Den himmelske freds port i Beijing i 2015. Foto: Getty Images/media/PubImages/ta8c51aa.jpg

E-sjefen: – Russland og Kina største truslar

Framande land er den største utfordringa mot Noreg og norsk tryggleik, seier Etterretningstenesta. Og Kina og Russland utgjer den aller største trusselen.

Det sa sjef for Etterretningstenesta, generalløytnant Morten Haga Lunde, då han måndag føremiddag la fram tenesta sin årlege Fokus-rapport. I rapporten greier dei ut om dei største truslane mot Noreg, norske interesser og norsk tryggleik for tida. Og den største noverande etterretningstrusselen kjem frå framande statsmakter. 

– Trusselen er størst frå Kina og Russland, seier Lunde.

Hendingar under NATO-øving

I fjor var det ei rekkje såkalla nettverksoperasjonar mot norske styresmakter og kommersielle selskap. Under NATO-øvinga Trident Juncture i Noreg i fjor haust registrerte Forsvaret fleire høve av jamming – mellom anna var det fleire GPS-utfall som påverka norsk og alliert luftfart. 

– Jamming er ikkje berre ei utfordring for militær øvingsaktivitet, men òg ein trussel mot sivil luftfart, seier Lunde og legg til at dei ventar meir jamming mot Noreg i åra framover.

 

 

aktuelt_2241_etjfokus2019aktuelt_2241_etjfokus2019http://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=18754Sjef for Etterretningstenesta, Morten Haga Lunde (høgre), leverer Fokus-rapporten til forsvarsminister Frank Bakke-Jensen. Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret/media/PubImages/20190211tk_I2646.jpg
aktuelt_2241_etjfokus2019aktuelt_2241_etjfokus2019http://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=18753Sjef for Etterretningstenesta, Morten Haga Lunde, la fram Fokus 2019 måndag føremiddag. Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret/media/PubImages/20190211tk_I2096.jpg


Tydelegare Kina

Etterretningstenesta ventar også at Russland og Kina – i felles misnøye med Vesten – vil vende seg mot kvarandre for støtte og militært samarbeid. Det vil vi òg kunne merke her nord.

– På sikt må vi vere førebudde på eit tydelegare kinesisk nærvær også i nærområda våre, seier etterretningssjefen.

Komplisert terrorbilete

Samstundes med eit meir uoversiktleg og brokete tryggingsbilete i Midtausten og Sahel-beltet, blir terrororganisasjonen ISIL stadig svakare, meiner E-sjefen. Talet på islamistiske terroråtak mot Europa blei i fjor halvert frå 2017. Ein ventar ein ytterlegare reduksjon i år. Svekkinga av ISIL gjer derimot at trusselbiletet blir meir komplekst, både frå terrorgrupper i Sahel – men òg frå europeiske framandkrigarar.

– Dei neste åra vil mange ekstremistar bli slopne laus frå europeiske fengsel. Det kan gi eit meir komplekst terrorbilete i Europa framover, seier Lunde.

Publisert 11. februar 2019 11:00. av Anders Fjellestad, Forsvarets mediesenter. Sist oppdatert 11. februar 2019 13:59.