aktuelt_1711_etterretningssjefeneaktuelt_1711_etterretningssjefenehttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=137/media/PubImages/20160204OST_8875.jpg

Etterretningssjefen er årets nynorskbrukar

Nynorsk kultursentrum har kåra sjef for Etterretningstenesta, generalløytnant Morten Haga Lunde, til Årets nynorskbrukar 2017.

​​​​​​​​​Lunde får prisen «for å gi bruk av nynorsk den autoriteten som trengst på eit område som har vore mindre språkleg mangfaldig enn resten av samfunnet.», seier styret i Nynorsk kultursentrum i grunngivinga si.​

Lagt vinn på å nytte nynorsk​​

– Eg må få takke for ei overraskande og særs ærerik pristildeling, seier Morten Haga Lunde til Nynorsk kultursentrum.  

– I eit langt yrkesliv i Forsvaret har eg vore utsett for ulike språkpåverknader i ulike område av landet. Det har alltid vore viktig for meg å halde på identiteten min ved å nytte mitt eige talespråk. Etter kvart som eg har fått leiande stillingar i Forsvaret, har eg også lagt vinn på å nytte nynorsk i offentleg kommunikasjon.​

Fokus på n​​ynorsk

Styret i Nynorsk kultursentrum vurderte 38 kandidatar, og eit av dei eksterne framlegga var nettopp å gi prisen til Lunde. Då hadde han nettopp lagt fram «Fokus 2017. Etterretningstenesta si vurdering av aktuelle tryggingsutfordringar».

– Litt diskret etterretning stadfesta at dette var eit svært godt framlegg som styret raskt samla seg om, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

​Pengar og kunst

Det er 17. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Ifølgje foreininga blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk.​

Prisen er på 100 000 kroner og eit grafisk blad av Arne Nøst som blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela i Ørsta 29. juni. Lunde kjem til å gi prissummen til ei verdig føremål. 

Publisert 20. mars 2017 14:10..