F-35 bankar motstandarane – igjen

Noregs nye kampfly leverer berre betre og betre i luftkamp.

Norske kampflygarar briljerte under den amerikanske luftøvinga Red Flag i mars. Men det gjorde også flya, for F-35A leverte betre i luftkamp enn nokon gong tidlegare. I eit brev til den amerikanske kongressen, signert av 128 pensjonerte generalar, blir flyet sin «kill rate» under øvinga oppgitt til 28:1. Det betyr at F-35 skyt ned 28 fly for kvart fly ein sjølv mistar. 

For to år sidan var den same raten 20:1. Noregs nye kampfly har dermed blitt enda meir overlegent i kamp. Martin «Tintin» Tesli er norsk sjef ved Luke Air Force Base og ein av landets mest erfarne kampflygarar. Han deltok i øvinga, men kan ikkje stadfeste om treffraten stemmer. Han er uansett klar på at F-35 er eit overlegent kampfly.

– Eg er overraska over kor ekstremt bra F-35-systemet er. Eg har alltid visst at det er bra, men ikkje at det var så bra, seier Tesli. 

 

 

aktuelt_2370_f35bankarmotstandaraaktuelt_2370_f35bankarmotstandarahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=19904Høyr flygaren «Sigurd» fortelje om øvinga. Video: Torgeir Haugaard og Martin Giskegjerdehttps://www.youtube.com/watch?v=YICPtFHurM8


Sveitta bak spakane

Tesli var blant dei norske flygarane som deltok under siste Red Flag. Den amerikanske luftøvinga blir halden 4–6 gonger i året, men no i mars deltok utanlandske F-35-flygarar for første gong.

Øvinga er ei av dei største og mest avanserte i verda. 

– Eg har sveitta mykje i cockpit, for å seie det sånn, og det er på grunn av kompleksiteten i øvinga, seier Tesli og legg til:

– Red Flag har endra forståinga vår for korleis eit femtegenerasjons kampfly vil fungere i ein konflikt. Det har igjen endra tilnærminga vår for korleis vi bør trene for å kunne utnytte den overlegne kapasiteten vi har, best mogleg.


Stadig overraska

Han får støtte av kollegaen «Sigurd» som òg deltok på Red Flag i vår. Han er imponert over kor bra F-35 leverte under øvinga.

– Eg har vore imponert over F-35 tidlegare også, men etter Red Flag forstår eg verkeleg kvifor dette er det ypparste av kva Norge kan kjøpe av kampfly, seier «Sigurd» og legg til:

– Eg har blitt enda meir glad i F-35. Systemet er så bra at du stadig blir overraska. Det blir litt sånn: «Oi, du klarte å finne det flyet så fort, ja?».


Viktig erfaring

Den norske kampflyflåten er under full oppbygging. For ein månad sidan landa tre nye F-35A på Ørland, og med det har Noreg mottatt 22 av 52 planlagde fly. Mot slutten av året når den norske F-35-flåten si grunnleggjande operative evne. Treninga frå Red Flag blir gull verdt i tida framover.

– Øvinga gir oss utruleg viktig erfaring som vi kan ta med oss direkte tilbake til Noreg, seier Tesli.

 Les også

 

 

aktuelt_2370_f35bankarmotstandaraaktuelt_2274_norskeflyvereioevels/aktuelt/norske-flyvere-i-oevelse-red-flag/media/PubImages/20190314tk_I4269.jpgNorske kampflygere i verdens heftigste luftøvelseUnder luftøvelsen Red Flag i Las Vegas får norske F-35-flygere den råeste kampflytreningen som kan oppdrives.aktuelt_2370_f35bankarmotstandarahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=7351


Publisert 27. juni 2019 16:02. | Sist oppdatert 3. juli 2019 11:54.