aktuelt_1944_f35igongmedtestingaaktuelt_1944_f35igongmedtestingahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=7632https://youtu.be/Kl9iJm6NAj8

F-35: Godt i gang med testinga

For Forsvaret er dei nye kampflya F-35 den viktigaste investeringa på mange, mange år. – Då er det gledeleg at prosjektet går på skinner, seier forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen.

– Eg sa for fire år sidan, då eg tilrådde, at det viktigaste i denne perioden er F-35. Det å ta imot flya, setje dei i drift og sørgje for at vi har kompetansen til å drifte dei i åra framover, forklarer forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen.

Han følgjer F-35-prosjektet tett og er glad for at prosjektet går som venta, også etter at dei første kampflya landa i Noreg i november 2017.   

– Ting har gått heilt etter planen desse fire åra: Vi har etablert trenings- og utdanningsteamet i USA og utdannar pilotar og teknikarar frå grunnen av. Vi har fått dei første flya til Noreg som etter planen, og vi er i gang med operativ evaluering og testing.

F-35 er avgjerande

Å få eit femtegenerasjons kampfly i arsenalet, er viktig for Forsvaret og for Noreg.

– Luftmakta si evne til å påføre ein motstandar tap og kontrollere luftrommet, slik at ein har oversikt over det som skjer på bakken eller på havet, det er ofte heilt avgjerande i ein konflikt, seier Bruun-Hanssen.

Han peiker på at F-35 har heilt andre moglegheiter til å dominere luftrommet og hente og dele informasjon – samanlikna med forgjengaren F-16. 

– F-35 her eigenskapar på våpen- og sensorsida som gjer dette til ein formidabel kapasitet for eit lite land som Noreg. F-35 gir oss moglegheit for å påverke ein større motstandar og sikre at andre delar av Forsvaret kan fungere den første tida i ein eventuell konflikt.

Samarbeid er nykelen

Forsvarssjefen meiner særleg det gode samarbeidet mellom avdelingane og etatane involvert i kampfly-anskaffinga, har gjort sitt til at prosjektet går så bra.  

– Alle aktørane som har vært involvert i dette prosjektet har jobba veldig godt saman, og dei har levert på tid. Noko eg faktisk forventar, men det er hyggeleg å sjå når det går i orden, seier Bruun-Hanssen.

– Dette er definitivt på skinner, men vi har berre fått ti fly, og mykje står att. Det er ei tid før vi kan erklære flya fullt operative, difor er det viktig at vi har fullt fokus vidare også fram mot 2025.

Frå 2019 skal kampflya gravis overta oppgåver frå F-16, og F-35 skal vere fullt operative i 2025.

Publisert 5. februar 2018 14:12.. Sist oppdatert 5. februar 2018 15:25.