st. olavsmedaljen med ekegrenst. olavsmedaljen med ekegrenhttp://forsvaret.no/media/PubImages/100415medaljar001.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1986Til venstre: St. Olavsmedaljen med eikegrein, til høgre Krigsmedaljen. Foto: Peder Torp Mathisen

Medaljar for heltemot

Fem soldatar skal utmerkast med medaljar for sin innsats i internasjonale operasjonar i Bosnia og Afghanistan.

​​​​​​​Kongen i statsråd vedtok dekoreringa fredag føremiddag. Ein skal dele ut ein St. Olavsmedalje med ekegren, ein Krigsmedaljen med stjerne og tre eksemplar av Krigsmedalj​en. Soldatane får sine dekorasjonar under ein medaljeparade frigjerings- og veterandagen 8. mai.​​ Dei to skjerma soldatane får sine medaljar under ein eigen parade.

St. Olavsm​​edaljen med ekegren

Løytnant Amund Berg får medaljen etter å ha vist vågemot og teken leiarskap under kamp i Bosnia på en framifrå måte. Som fenrik i april 1994 var han offiser og nestkommanderande i ein sanitetstropp i NORMEDCOY. Troppen blei plassert ut i byen Gorazde der sjukehus​et nærast var utradert etter massive åtak. 32 pasientar var allereie døde, og overlevande låg rundt om i sjukehusruinane. 

Sjefen til Amund Berg gav ordre om straksevakuering av dei 285 pasientane, i tillegg til 21 pårørande. Dette medan sjukehuset fortsatt blei skoten mot. Dei to leidde sanitetsoperasjonen svært effektivt, og vågemotet deira redda mange sivile. Berg løyste sitt oppdrag og leiing med livet som innsats. 

Løytnant Amund Berg viste ei sinnsro og ein leiarskap som skapte tillit hos undergitt personell i ein kaotisk og farleg situasjon. 

Sjefen til Berg, Kåre Brændeland, fekk i fjor Krigskorset for sin innsats i​ same operasjon.

​​Krigsmedaljen

Kommandørkaptein, dåverande orlogskaptein, Ronny Kristoffersen var offiser i Protection Reconstruction Team 9, underlagt den internasjonale stabiliseringsstyrken i Afghanistan. 

På nattevakt 17. juni 2007 skaut tre opprørarar Kristoffersen i armen. Kristoffersen fekk svara på elden og vann overtaket i situasjonen. Skotvekslinga vekte resten av patruljen som kom kjapt til. ​Kristoffersen blei verande i stilling etter stridskontakt. Under strid er det svært viktig å halde roa, og fortsetje å løyse oppdraget. Kommandørkaptein Ronny Kristoffersen verka stort inn på moralen i avdelinga. Han viste leiarskap og personleg vågemot, og avdelinga hadde ingen tap takka vere snarrådigskapen til Kristoffersen.

Krigsmedaljen​

Sersjant Halvor Hammerstad var nestlagførar i eit skarpskyttarlag i Provincial Reconstruction Team 15, underlagt den internasjonale stabiliseringsstyrken i Afghanistan. 

19. september 2010 skulle laget støtte ein alliert styrke som var isolert i eit trongt dalføre med opprørarar og miner langs innfartsårene. Sersjant Hammerstad leia ei skarpskyttargruppe som fekk i oppdrag å hjelpe den allierte styrken. Dei hadde køyrd seg fast i ei myr med to pansra køyretøy. 

Dei allierte hamna under eld og måtte søkje dekning. Sersjant Hammerstad såg at sikringa ikkje var nok, og tok kommandoen og gav ordrar til dei allierte om å svare på skytinga. Med strålande leiarskap under krevjande tilhøve, leia se​rsjant Hammerstad ein kamp som førte til at fienden blei halden nede og til slutt overvunnen av allierte fly. Sersjant Halvor Hammerstad tok ansvar og viste leiarskap i strid. Den allierte styrken underordna seg dessutan kommandoane til Hammerstad.


​To soldatar skjerma​​

I tillegg til Berg, Kristoffersen og Hammerstad, får også to soldatar medaljar for sine innsatsar i Afghanistan. Identiteten​ til dei to er skjerma av tryggingsårsaker. Dei får sine medaljar under ein eigen medaljeparade.

 

 

Desse får medaljarDesse får medaljar<div>​​​​​​​​• Løytnant Amund Berg får St. Olavsmedaljen med ekegren for innsats i Bosnia i 1994.</div><div>• Kommandørkaptein Ronny Kristoffersen får Krigsmedaljen for sin innsats i Afghanistan 2007.</div><div>• Sersjant Halvor Hammerstad får Krigsmedaljen for sin innsats i Afghanistan </div><div>• I tillegg får to skjerma soldatar medaljar for innsats i Afghanistan. Den eine får Krigsmedaljen med stjerne (motsvarar to eksemplar av Krigsmedaljen), den andre får Krigsmedaljen.</div>http://forsvaret.no/aktuelt/faktaboks-medaljane

Publisert 10. april 2015 12:14. av Forsvarets mediesenter og Veteranavdelingen ved Forsvarsstaben. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:21.