red flagred flaghttp://forsvaret.no/media/PubImages/040315redflag04.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1748Major Egil Angell-Jacobsen passerte 3000 timar i F-16 på veg frå Noreg til øvinga. Kun tre stykker før han har klart det. Foto: Luftforsvaret
Redflag02Redflag02http://forsvaret.no/media/PubImages/040315redflag02.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1746Ti norske F-16 jagarfly deltek i øvinga. Foto: Luftforsvaret
red flag 03red flag 03http://forsvaret.no/media/PubImages/040315redflag01.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1745Øvinga gir viktig erfaring og kunnskap for det norske luftforsvaret. Foto: Luftforsvaret
Fra øvelse Red Flag 2015Fra øvelse Red Flag 2015http://forsvaret.no/media/PubImages/040315redflag03.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1747Rundt 200 nordmenn deltek i øving Red Flag i USA.

Flyr høgt i USA

Luftforsvaret har kryssa Atlanterhavet for å delta på øving Red Flag ved Nellis Air Force Base i Nevada.

​​​​​​​​​​– Endeleg er vi i gong, seier sjefen for den norske styrken, oberstløytnant Bjørge Kleppe.

Etter eit halvt år med førebuingar og planlegging er han og rundt 200 andre nordmenn på plass ved Nellis Air Force Base i Nevada, USA.

– Det er mykje planlegging som ligg bak før vi får flydd ein einaste time her: Kor skal vi bu? Kven skal delta? Kva slags utstyr treng vi? Korleis skal vi trene i forkant? seier Kleppe.

Komplekse luftoperasjona​​​r

Red Flag er ikkje berre ei øving for jagarfly. Også norske Hercules transportfly deltek.

– Dette er største og mest komplekse flyøvinga i verda, og derfor den plassen kor 335-skvadronen får den mest verdifulle treninga i komplekse luftoperasjonar, seier major Rune Johansen, sjef for den norske Hercules-avdelinga.

Flya er Luftforsvaret sin taktiske transportflykapasitet, og brukast i ei rekkje ulike operasjonar i fred, krise og krig.

– Øvinga gir oss god trening i å planlegge og utføre alle fasar i ein COMAO (Combined Air Operations). Her flyg ein med mange ulike fly, og kvar formasjon har si spesifikke oppgåve, seier Johansen.

AVGJERANDE FØREBUING

Typiske oppgåver for Hercules er mellom anna å bidra med innsetjing eller henting av styrkar bak fienden sine linjer mens luftkrigen held på.

–  Dette er veldig verdifullt for oss. Vi kan trene kompliserte operasjonar og i stort omfang saman med ​koalisjonspartnarar, seier Kleppe.

I 2011 ble øvinga i USA avlyst på grunn av luftoperasjonane over Libya.

– Det vi skal trene på, handlar nettopp om å være førebudd på slike oppdrag som vi utførte i Libya, seier Kleppe.

Øving Red Flag 2015Øving Red Flag 2015
​​​• Har flybasen Nellis Air Force Bace som utgangspunkt. Flybasen ligg nord for Las Vegas, Nevada og husar fire skvadro​nar og United States Air Force Warfare Center.

• Frå Noreg deltek rundt 200 personar, ti F-16 jagarfly og to C-130J Hercules. Noreg har delteke i øvinga ei rekkje gonger tidligare, seinast i 2009.

• I alt deltek opptil 60 fly i øvinga samstundes. Dei norske mannskapa skal øve saman med amerikanske F-16-skvadronar og mange andre styrkar. ​

http://forsvaret.no/aktuelt/arkiv/oeving-red-flag-2015

Publisert 4. mars 2015 10:22. av Sigurd Tonning-Olsen, Luftforsvaret. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:20.