Følgde NATO-oppvisinga frå hagen

Kva gjer du når jagarflya drønner like over hustaket ditt og tusenvis av NATO-soldatar står i nabolaget? Du dreg fram fluktstolen og nyt det heile.


​– No kjem han!

Hanne Bolgnes peikar ivrig oppover, og alle kikkar forventningsfult opp mot himmelen. Plutseleg fyk eit jagarfly like over eigedomen til familien Bolgnes på Byneset utanfor Trondheim. Drønnet frå jagarflyet er så kraftig at det utløyser alarmane på fleire av bilane som står parkerte like ved. Gjengen på plenen humrar nøgde. Når NATO held styrkjedemonstrasjon, er det litt høgtid for familien.

fann fram kaffien

– Vi har teke fri frå jobb og invitert litt vener og familie. Dagen begynt med felles frukost, og så avsluttar vi med lunsj etter demonstrasjonen, fortel Hanne Bolgnes.

– Og vi har betre utsikt enn Stoltenberg, legg ho til med glimt i auget.

Det har ho nok rett i. For medan NATO-sjef Jens Stoltenberg og militære og politiske leiarar følgjer demonstrasjonen på By gard like nedanfor, kan familien Bolgnes sitje i sin eigen hage med panoramautsikt over heile fjorden. Fluktstolane, kaffien og noko godt i glaset er på plass. Og dei har ikkje noko imot at eit førtitals fly og helikoptarar dundrar over huset, og fjorden er fylt av skip og fartøy.

– Nei, det er heilt greitt, eg tykker det er bra dei kjem hit. Det spelar ingen rolle kvar dei trenar, for vi treng NATO om noko skulle skje. Så enkelt er det, seier ho.


– Blir litt gutunge igjen

Utrusta med mobilar og kikkertar står dei på plenen og følgjer ivrig med på flya som dundrar rett over dei. Brått er også fjorden føre dei full av krigsskip og helikoptarar.

– Ein blir litt gutunge igjen, det er kjempeartig. Det er fredstid, så dette er jo eit skodespel. Eg tykker det er greitt å sjå at vi har forsvarsevne og at NATO kjem og øver. Dei store øvingane har jo stort sett vore i Nord-Noreg tidlegare, så det er greitt at dei kan kome her sørpå òg, seier Odd Harald Bolgnes.

 

 

aktuelt_2165_foelgdedemonstrasjonaktuelt_2165_foelgdedemonstrasjonhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=17919https://youtu.be/krf4m2wybZU


Svoger Morten Wæraas er ikkje heilt einig:

– Eg tykkjer denne demonstrasjonen er sløsing med pengar, eg ikkje har ord. Men gutungen i meg seier det er gøy, så eg lar meg rive med, seier han.

– Det er vi ikkje alle einige om, då. Å vise fram dette er ei investering i vår tryggleik og sikkerheit, skyt venen Bjørn Skjetne raskt inn.

Trass usemja, er gjengen samd om at oppvisinga har vore verdt å få med seg. Særlig når ho finn stad like over huset.

– Det har vore kjempegøy! Å få ein ekstra nyttårsaftan no uti oktober, er heilt greitt.

 Les mer om

 

 

aktuelt_2165_foelgdedemonstrasjonaktuelt_2162_natovistemuskler/aktuelt/nato-viste-muskler/media/PubImages/20181028tk_I5106.jpgNATO viste musklerPå Byneset utenfor Trondheim gikk store militære styrker i dag til aksjon for å demonstrere alliansens militære makt og samhold.aktuelt_2165_foelgdedemonstrasjonhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=6572


Publisert 3. november 2018 19:17. | Sist oppdatert 4. november 2018 20:48.