Hærens nye CV9030N stormpanservogn. / The Norwegian Army's new CV9030N infantry fighting vehicle.Hærens nye CV9030N stormpanservogn. / The Norwegian Army's new CV9030N infantry fighting vehicle.http://forsvaret.no/media/PubImages/020915-CV90-002.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3617
Hærens nye CV9030N stormpanservogn. / The Norwegian Army's new CV9030N infantry fighting vehicle.Hærens nye CV9030N stormpanservogn. / The Norwegian Army's new CV9030N infantry fighting vehicle.http://forsvaret.no/media/PubImages/020915-CV90-001.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3616Dei nye vognene vil gi Hæren auka kampkraft. Foto: Ole-Sverre Haugli, Hæren
Hærens nye CV9030N stormpanservogn. / The Norwegian Army's new CV9030N infantry fighting vehicle.Hærens nye CV9030N stormpanservogn. / The Norwegian Army's new CV9030N infantry fighting vehicle.http://forsvaret.no/media/PubImages/020915-CV90-003.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3618Den nye stormpanservogna til Hæren. Foto: Ole-Sverre Haugli, Hæren

Første nye kampvogn på plass

Hæren fekk onsdag sine første nye og oppgraderte kampvogner. Dei er proppfulle av ny og framtidsretta teknologi som gir Hæren auka slagkraft.

​​​​​​​​​​​​​​​Onsdag 2. september overleverte Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) dei første nye CV90-kampvognene til Hæren. Kampvognkjøpet er Forsvarets største til Hæren målt i kroner, og eit av dei viktigaste målt i kampkraft og stridsevner.​

Dei nye vognene er rullande prov på kva teknologisk utvikling har å seie for operativ evne.

– Det ligg millionar av ingeniørtimar bak vogna. Saman med brukarane i Hæren og industrien, har vi utvikla ei slagkraftig vogn med det ypparste innan våpen, sensor- og sambandsteknologi, seier Petter Jansen, sjef for FLO. ​

Avansert teknologi

Investeringa styrkjer Brigade Nord vesentleg på materiellsida og gir Hæren auka kampkraft. Vognene gir dessutan auka vern for mannskapa og har i tillegg betre mine- og ballistisk vern, nettverksintegrering og betre eldkraft.

Nye sensor- og sambandssystem gir mannskapa ei svært god situasjonsforståing. Avansert datateknologi gjer det òg mogleg å kjapt utveksle kritisk informasjon – som til dømes rørslene til fienden – på tvers av Forsvarets einingar og greiner.

– Teknologien gir ikkje berre auka kampkraft. Han syner også kor viktig dyktige ingeniørar er, både i dag og i framtida, seier Petter Jansen.

mobile og effektive​

FLO har saman med Hæren styrt prosjektet stødig etter kost, yting og ikkje minst tid.

– Den nye kampvognfamilien CV90 er eit viktig og tydeleg tilskot for å få betre mobilitet, betre og meir effektiv eldkraft og betre kommando og kontroll, sa forsvarssjef admiral Haakon Bruun-Hanssen under overtakingsseremonien på Setermoen.​

Leveransane av dei totalt 144 vognene – fordelt på fem modellar – fortset kontinuerleg fram til 2018. ​​

 

 

Hæren viser frem sin nye kampvognserie CV90Hæren viser frem sin nye kampvognserie CV90http://forsvaret.no/media/Lists/YouTubeVideoList/DispForm.aspx?ID=109https://www.youtube.com/watch?v=4Gx6KoertYM

Publisert 2. september 2015 15:43. av Hæren. Foto: Ole-Sverre Haugli, Hæren. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:24.