aktuelt_2330_heiderskrossentilketaktuelt_2330_heiderskrossentilkethttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=19592Viseadmiral Ketil Olsen er tildelt Forsvarets heiderskross. Arkivfoto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret/media/PubImages/20180619tk_I5294.jpg

Ketil Olsen tildelt Forsvarets heiderskross

Viseadmiral og sjef for Militærmisjonen i Brussel, Ketil Olsen, blei måndag heidra med Forsvarets heiderskross.

​Den militære utmerkinga blei innført i 2012 og går til personar for «særleg framifrå verksemd i eller for Forsvaret». Ein overraska viseadmiral fekk utdelt heiderskrossen under forsvarssjefen sitt sjefsmøte måndag denne veka.

– Det var veldig uventa. Eg blei glad, litt rørt og stolt, seier Ketil Olsen.

– Samstundes kjenner eg glede når eg tenkjer på alle som har bidratt til utmerkinga. Alt frå familie som har følgt med på utallege flyttingar i inn- og utland, til alle medarbeidarar som har vore ein del av avdelingane eg har leia.

Formidlar NATOs synspunkt

Sidan 2016 har han leia Militærmisjonen i Brussel (MMB), der han er forsvarssjefen sin representant inn mot NATO. Dei siste åra har alliansen lagt press på medlemane sine om å bidra med meir ressursar, eit synspunkt Olsen har vore tydeleg på å formidle til leiing og politikarar heime i Noreg. Men like viktig er det gode ryktet Noreg har i NATO:

– Det kjem av at vi alltid deltar aktivt i operasjonar når det er naudsynt. Norske offiserar, spesialistar og vernepliktige deltar aktivt i problemløysing, og har ei svært pragmatisk innstilling, påpeikar han og legg til:

– NATO stiller ulike krav til medlemane, men dei er alle basert på tanken om ei grunnleggjande evne til å ta vare på eige territorium og samstundes kunne bidra i fellesskapet. Alt dette er basert på rettvis byrdefordeling og ei rimeleg utfordring for alle.

 

 

aktuelt_2330_heiderskrossentilketaktuelt_2243_natokrevermeravnorge/aktuelt/nato-krever-mer-av-norge/media/PubImages/NATO%20HQ-4-1(1).jpgKetil Olsen: – NATO krever mer av NorgeNATO setter spørsmålstegn ved størrelsen på det norske forsvaret. Det sier Norges øverste militære representant i alliansen.aktuelt_2330_heiderskrossentilkethttp://forsvaret.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=7270


Spennande forsvarsreise

Med 40 forsvarsår bak seg har viseadmiralen mildt sagt brei og lang erfaring frå ulike delar av Forsvaret, både her heime og i utlandet. Olsen har vore instruktør, troppssjef, MTB-skipssjef, skvadronssjef, sjef for planavdelinga til NATO Training Mission, bransjesjef i NATO, seksjonssjef i Forsvarsdepartementet, nestkommanderande i Heimevernet og avdelingssjef for Forsvarsstaben – berre for å nemne noko.

Viseadmiral Olsen med heiderskrossen på plass. Foto: Privat– Eg har aldri vore redd for å takke ja til ny jobb, fordi eg veit at det alltid finst utruleg solide og dyktige menneske som vil vere med og dra lasset.

59-åringen synest forsvarskarrieren så langt har vore eit privilegium.

– Reisa i Forsvaret er fortsatt spennande og utfordrande. Det er grunnen til at eg ønskjer å stå heilt ut, altså ut dette året. Intensjonen min er å gå over i ei anna fulltidsstilling, gjerne i ein privat bedrift. Eg har mykje kraft, kunnskap og erfaring att, så det er altfor tidleg å gå av med pensjon når ein er berre 59 år.

Jobbar fram NATO-strategiar

For Olsen og kollegaene i MMB er det hektiske tider i NATO-hovudkvarteret i Brussel. No er dei i ferd med å avslutte arbeidet med alliansen sin nye militærstrategi, og alliansen jobbar med å oppdatere planverk og forsvarskonsept.

– Vi er også opptatt av korleis alliansen best utviklar situasjonsbevissthet og evne til tidleg varsling. Inkludert i dette er alle nasjonane si evne til å ha høgare beredskap enn i dag, seier Olsen.

I grunngivinga for utmerkinga trekkjer forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen fram Olsens markante og langvarige innsats i Sjøforsvaret, Heimevernet, Forsvarsstaben og i Militærmisjonen i Brussel.

– Med stort personleg engasjement, framifrå leiing og godt diplomati har han bidratt sterkt til å utvikle Noregs posisjon og framme Forsvarets syn i NATO, seier forsvarssjefen.

Fakta

Forsvarets heiderskross (bokmål: Forsvarets hederskors)

  • Utmerking som blei innført i 2012, etter initiativ frå daverande forsvarssjef Harald Sunde.
  • Kan gis til norsk og utanlandsk militært og sivilt personell for framifrå verksemd eller særleg fortenestfull innsats i Forsvaret eller for Forsvaret i samfunnet.
  • Heiderskrossen kan òg tildelast norske og utanlandske personar utanfor Forsvarets organisasjon som på en særleg fortenestfull måte har hjelpt Forsvaret.
  • Tidlegare mottakarar er mellom andre: Wilhelm Mohr, Gunnar Sønsteby, Haakon Bruun-Hanssen, Kristin Lund, Kjell Grandhagen, Joachim Rønneberg og Harald Sunde.

 

 

aktuelt_2330_heiderskrossentilketaktuelt_2074_mmbinyelokaler/aktuelt/mmb-i-nye-lokaler/media/PubImages/20180619tk_II5368.jpgBlanke ark og travle tider i BrusselMed splitter nye lokaler og øvelse Trident Juncture på trappene, er det hektiske dager for viseadmiral Ketil Olsen og resten av Militærmisjonen i Brussel.aktuelt_2330_heiderskrossentilkethttp://forsvaret.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=7271

Publisert 15. mai 2019 12:30. av Anders Fjellestad, Forsvarets mediesenter. Sist oppdatert 21. mai 2019 11:46.