aktuelt_2506_k9thunderskytaktuelt_2506_k9thunderskythttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=21280/media/PubImages/20191204FR_-6345.jpg

K9 VIDAR skyt i Noreg for første gong

Til hausten skal det nye artilleriet K9 VIDAR vere på plass, og testing i Noreg er i full sving.

Dei første vognene kom til Noreg i desember 2019, og til hausten skal 24 vogner og seks ammunisjonskøyretøy vere klare til bruk.

– Det gir en høgare operativ effekt, større eldkraft, større mobilitet og eg trur det vil vere en stor forbetring for soldatane å få eit heilt nytt system, seier oberstløytnant Nils Inge Træen, prosjektleder frå Forsvarsmateriell.

 Det nye artillerisystemet ”VIDAR” (Versatile Indirect Artillery System) erstattar dagens M109-system frå 1960-tallet.

 – Eg kjenner igjen mykje frå M109, men det er lagt på nye system, seier sersjant 1 kl. Thomas Bø Syrstad, skyttar i Artilleribataljonen. – Endelig har eg nok takhøgd til å stå også, ler han.

 

 

aktuelt_2506_k9thunderskytaktuelt_2506_k9thunderskythttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=21307https://youtu.be/Hx4zn4h5NWU


Publisert 6. februar 2020 12:38. av Maria Gran. Sist oppdatert 6. februar 2020 13:30.