aktuelt_2262_knmhelgeingstadvedhaaktuelt_2262_knmhelgeingstadvedhahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=18945Fregatten til kai ved Haakonsvern. Foto: Bendik Skogli, Forsvaret/media/PubImages/2019-03-04-KNM-Helge-Ingstad-Hakonsvern.jpg

Hevinga i hamn – men mykje arbeid står att

Fregatten KNM «Helge Ingstad» kom heim til Haakonsvern orlogsstasjon seint sundag kveld. No går operasjonen inn i ein ny fase.

​Etter nærare fire månader kom KNM «Helge Ingstad» tilbake til Haakonsvern ved 23-tida sundag 3. mars. Arbeidet med å redde så mykje ein kan er allereie i gang, og måndag morgon heldt Sjøforsvaret og Forsvarsmateriell pressekonferanse på Haakonsvern.

– Fokuset vårt no er å berge mest mogleg. Vi har allereie tatt ut mykje verdiar, og vi har så langt henta ut 1400 ulike komponentar frå ei liste på 2500 komponentar, seier flaggkommandør Thomas Wedervang, sjef for Forsvarsmateriells avdeling for maritime kapasitetar.

flyte for eiga maskin

Framover skal fartøyet debunkrast, og ein skal ta ut dei siste våpena og ammunisjonen. Deretter skal ein måle opp fartøyet for å få ein oversikt over strukturen til skipet.

– Då kan vi få ei vurdering av tilstanden til fartøyet, noko som gir oss eit godt grunnlag for å avgjere den vidare skjebnen til KNM «Helge Ingstad».

Forsvarsmateriell har også bestilt ferdiglaga stålplater for å tette skroget. 

– Målet er å få KNM «Helge Ingstad» ned på vatnet att og flyte for eigen kjøl innan 5–6 veker, seier Wedervang.

Dobbel besetning på «Otto Sverdrup»

For Sjøforsvaret og dei andre involverte det ein god, men også trist dag, då fregatten kom heim att etter nærare fire månader på ulykkesstaden ved Stureterminalen i Hjeltefjorden.

– Det er utruleg godt å få ho heim att til Haakonsvern, men det er eit voldsamt tap for Sjøforsvaret å miste ein av våre svært viktige fregattar. Eg er glad for at besetninga er intakt, og at dei er klare for nye oppdrag, seier Nils-Andreas Stensønes, sjef for Sjøforsvaret.


«Helge Ingstad»-besetninga skal no tilbake til teneste gjennom ei to-besetningsløysing på fregatten KNM «Otto Sverdrup». Dermed kan denne fregatten segle nærast kontinuerleg, og Sjøforsvaret kan såleis oppretthalde omtrent like mykje seglingstid som om ein hadde hatt KNM «Helge Ingstad» i drift.

– Behovet for fregattar har ikkje blitt mindre, men ved å utnytte «Otto Sverdrup» med to besetningar klarer vi å levere like mykje i fredstid som vi elles hadde gjort, påpeikar Stensønes.

Takksam

Sjøforsvarssjefen er særs takknemleg overfor alle dei som har jobba med den krevjande og komplekse operasjonen. 

– Det er mange som har stått på frå første stund, og eg vil takke alle dei som har bidrege. Det har vore ei kraftsamling av sivilt og militært personell. Tusen takk for innsatsen, seier Stensønes. 

Ryddar opp

KNM «Helge Ingstad» blir heist om bord på en flytende tørrdokk på Hanøytangen før frakt til Haakonsvern. Foto: Jakob Østheim, Forsvaret

Forsvarsmateriell og bergingsselskapet BOA som har planlagt og gjennomført hevingsoperasjonen. Undervegs har rundt 300 personar jobba med hevinga, og operasjonen har blitt gjennomført utan personskadar. BOA og Kystverket har også vore i beredskap for å hindre utslepp av olje.

– Operasjonen har vore gjennomført utan miljøkonsekvensar av betydning. Det skjedde eit mindre utslepp på Hanøytangen laurdag, der noko olje kom inn i buktene og vikene like ved. Vi har talt eit 30-tals sjøfuglar med oljepåverka framferd, og vi følgjer opp dette saman med Havforskingsinstituttet, seier Johan Marius Ly, beredskapsdirektør i Kystverket.

No arbeider Forsvaret med å rydde sjøen og havbotnen på ulykkesstaden. Forsvaret støttar òg politiet og Havarikommisjonen med etterforskinga av ulukka. I tillegg har Forsvaret sett i gang ein intern undersøking for å lære mest mogleg av hendinga, og hindre at noko slikt hendar igjen.

Publisert 4. mars 2019 10:32. av Anders Fjellestad, Forsvarets mediesenter. Sist oppdatert 4. mars 2019 13:50.