aktuelt_2509_laframfokus2020aktuelt_2509_laframfokus2020http://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=21338Generalløytnant Morten Haga Lunde saman med forsvarsminister Frank Bakke-Jensen under framlegginga av Fokus 2020 i Oslo måndag 10. februar. Foto: Torbjørn Kjosvold/media/PubImages/20200210tk_I2775.jpg

E-sjefen: Russland og Kina påverkar framleis norsk tryggleik mest

Faktorane som i størst grad pregar trugselbiletet for Noreg og norske interesser, er nært bundne opp til Russland og Kina.

​Det var konklusjonen då generalløytnant Morten Haga Lunde la fram Fokus 2020 måndag 10. februar.

Dette er Etterretningstenestas årlege opne vurdering om internasjonale høve som påverkar norsk tryggleik her heime, og norske interesser i utlandet. Konklusjonen er i tråd med vurderinga i fjor, då tenesta slo fast at Russland og Kina er dei største trugslane mot norsk tryggleik.

Tettare mellom Kina og Russland

Under pressekonferansen i Oslo sa etterretningssjefen at både Kina og Russland har politiske system med «tett og ønskt samhandling mellom politikk og økonomi, mellom stat og privat og mellom sivile og militære sfærar».

– Det er difor lite nyttig å skilje mellom statlege og private interesser og aktivitetar når det gjeld vurderingar som har viktigheit for Noregs nasjonale tryggleik, sa Lunde.

Han peikte òg på at Russland søkjer eit tettare samarbeid med Kina, særleg økonomisk og militært.

 

 

aktuelt_2509_laframfokus2020aktuelt_2509_laframfokus2020http://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=21339Sjef for Etterretningstenesta, generalløytnant Morten Haga Lunde, under pressekonferansen i Oslo. Foto: Torbjørn Kjosvold/media/PubImages/20200210tk_I9185.jpg

Aukande interesse for nord

Russland fortset dessutan si militære forsterking av nordområda og Arktis. Dette skjer mellom anna med fleire øvingar, nye rullebaner, nytt luftvern og nytt militært materiell som gir Russland auka slagkraft i regionen. Dette vil halde fram i åra som kjem:

– I Arktis vil vi sjå dette i form av nye ubåtar, overflatefartøy, fly og militære basar. I tillegg må vi forvente utvikling og testing av nye, avanserte våpensystem i nærområda våre, seier Lunde.

Også Kinas interesse for Arktis vil fortsetje å auke, legg han til.

Terrorfare

Talet på terroråtak utført av militante islamistar i Europa har gått kraftig ned sidan 2017, mykje grunna svekkinga av ISIL. Men etterretningssjefen åtvarar mot å tru at faren er over:

– Heimkomne framandkrigarar, dei som ikkje kom seg til Syria og Irak, og dei som i tida framover blir lauslatne frå fengsel i Europa, skapar alle eit grunnlag for rekruttering til islamistiske terrornettverk, seier Lunde.

Også trugselen frå det ekstreme høgre i Europa er aukande. Særleg farleg kan det bli om dei høgreekstreme ideologiane blir samla på tvers av landegrenser og blir internasjonaliserte.

– Det kan skape eit trugselbilete innan internasjonal terrorisme som er meir samansett, mangfaldig og omskifteleg enn vi har vore vande med dei siste ti åra, seier etterretningssjefen.

 Les heile vurderinga her

 

 

aktuelt_2509_laframfokus2020fakta_763_fokus2020/fokus/media/PubImages/FWFzaxlhqcI.jpgFokus 2020Fokus er Etterretningstenesta si opne vurdering av aktuelle tryggleiksutfordringar for Noreg.aktuelt_2509_laframfokus2020http://forsvaret.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=7851

Publisert 10. februar 2020 14:39. av Anders Fjellestad (tekst) og Torbjørn Kjosvold (foto). Sist oppdatert 10. februar 2020 14:54.