aktuelt_2624_lerviktokoversomsjefaktuelt_2624_lerviktokoversomsjefhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=22458Generalmajor Lars Lervik tok formelt over som sjef Hæren torsdag 25. juni 2020. Foto: Ole-Sverre Haugli, Forsvaret/media/PubImages/20200625sjefsskifte--20.jpg

Lervik er Hærens nye sjef

Torsdag tok generalmajor Lars Lervik over som sjef for Hæren.

Sjefsskiftet skjedde under ein formell seremoni på Bardufoss, der Hærstaben har hovudkvarteret sitt. Den nye sjefen kjem frå stillinga som sjef for Brigade Nord, og no skal han altså leie heile Hæren.

– Eg kjenner ansvaret ganske godt i magen, sa Lars Lervik då han talte til dei frammøtte i Bardufoss leir.

Byggje og styrke

For den nye hærsjefen er det viktig å halde fram arbeidet med å byggje opp styrkestrukturen til Hæren.

– Vi skal i dagane, månadene og åra framover fortsetje å byggje Hæren. Det skal vi gjere ved å auke volumet og kampkrafta vår, ved å innføre nye kapasitetar som artillerisystemet K9 som står her, sa Lervik og la til:

– Samstundes skal vi vere klare til strid, kvar dag. Vi skal løyse oppdraget og ta vare på soldatane våre. Vi skal òg ta godt vare på dei yngste og sjå til at dei får ei sikker og god teneste. Og vi skal behalde dei erfarne soldatane, slik at vi har både kampkraft og kompetanse i heile Hæren.


– Handlekraftig leiar

Overtakingsseremonien var noko redusert på grunn av koronasituasjonen, men fleire av greinsjefane og avdelingssjefane i Hæren var til stades. Det same var dei lokale ordførarane og forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen.

– Lars Lervik er den rette til å ta over Hæren. Han er ein tydeleg og handlekraftig leiar med stor gjennomføringsevne, sa Bruun-Hanssen.

Avtroppande hærsjef og påtroppande forsvarssjef Eirik Kristoffersen var naturlegvis også til stades under seremonien. Han gler seg til å jobbe enda tettare med Lervik når han tek over som forsvarssjef 17. august.

– Det er ikkje vemodig at eg overlèt Hæren til nestemann. Det er med stolthet og glede at eg står her. Eg vil takke heile Hæren for jobben de har gjort det siste året, sa Eirik Kristoffersen i talen sin.

Medalje og portrett

Den avtroppande hærsjefen blei takka godt av under sjefsbytet torsdag. Eirik Kristoffersen tok over som sjef Hæren i august i fjor, og for innsatsen tildelte forsvarssjef Bruun-Hanssen Kristoffersen Forsvarets heiderskross. Medaljen blir delt ut personell som har gjort ein framifrå innsats i Forsvaret.

I tillegg fekk Kristoffersen eit portrettmåleri av seg sjølv. Måleriet er laga av dragon Ida Marie Drøivoldsmo frå Porsanger bataljon, og er inspirert av eit portrettfoto tatt av Aleksander Nordahl. Den påtroppande forsvarssjefen blei tydeleg rørt over kunstverket.

 

 

aktuelt_2624_lerviktokoversomsjefaktuelt_2624_lerviktokoversomsjefhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=22465Kristoffersen fekk eit portrettmåleri av seg sjølv, laga av dragon Ida Marie Drøivoldsmo frå Porsanger bataljon. Foto: Ole-Sverre Haugli, Forsvaret/media/PubImages/20200625sjefsskifte--18.jpg


Publisert 26. juni 2020 11:15. av Anders Fjellestad (tekst) og Ole-Sverre Haugli (foto). Sist oppdatert 26. juni 2020 13:31.