High mobility launcherHigh mobility launcherhttp://forsvaret.no/media/Lists/YouTubeVideoList/DispForm.aspx?ID=143https://youtu.be/nbH18vBPgUw

Luftvern til himmels

Det du ser her, vil gi oss eit langt tryggare luftrom frå 2018.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Om bord i eit Hercules transportfly står ein Humvee tjora fast til lastegolvet. På lasteplanet til køyretøyet står fire missil festa til Forsvarets nye utskytingsrampe – high mobility launcher.

Mens dagens utskytingsramper må fraktast på lastebil over lange avstandar, kan ein køyre det nye systemet rett om bord i eit fly og frakte det nærast kor som helst for å verne norsk luftrom.

– High mobility launcher har også ein strategisk fordel. Med eit par Hercules-løft kan vi få heile systemet raskt på plass, seier John-Arild Bodding, fagsjef i luftvernseksjonen til Luftforsvaret.

​Fleksibelt luftvern

I september 2014 testskaut Forsvaret med HML for første gong. Framover skal Forsvaret finjustere og teste systemet grundig, før Luftforsvaret kan ta utskytingsrampene i bruk i 2018. Det gir Noreg eit langt meir fleksibelt luftvern enn i dag.

Ikkje berre blir klargjeringstida vesentleg redusert, men luftvernsystemet kan dekkje område som er vanskeleg tilgjengeleg for dagens utskytingsramper.

– Når vi tar HML i bruk, skal dei bli brukt i kombinasjon med dagens canister launchere. Dagens ramper har ein fordel med at dei kan ta fleire missil, altså seks mot fire på HML. Men om Forsvaret tar i bruk nye missil utan venger, kan også HML ta fleire missiler, seier Bodding.

I tillegg jobbar HML sømlaust med luftvernsystema til dei fleste Nato-land.

– Det gjer at vi kan samarbeide innan luftvern med våre allierte, seier oberstløytnanten.​

Digitalt og gradert

Onsdagens flytur var HML-systemet sin andre testtur, den første flyturen gjekk til prøveskytinga i Sverige i 2014. Konklusjonen er at systemet fungerer heilt som venta.

– Prosjektet går heilt etter planen, seier major Lars Laudal, prosjektgruppeleiar for luftvern i Forsvarsmateriell.

Dei nye utskytingsrampene er ein del av eit større bakke-til-luft-system av radarar, datasystem og kontrollsenter. Det oppgraderte systemet får ny programvare og IP-teknologi, så operatørane kan operere og kommunisere gradert. I løpet av 2018 vil alt av Forsvarets bakke-til-luft-system vere ferdig oppgradert.

– Oppgraderinga skal ikkje gå ut over luftvernberedskapen til Noreg. Den vil vere på same nivå under heile oppgraderingsperioden​.​​​

Major Lars Laudal ved en High Mobility Launcher (HML) på Rygge flystasjon / Major Lars Laudal with a High Mobility Launcher (HML) at Rygge military campMajor Lars Laudal ved en High Mobility Launcher (HML) på Rygge flystasjon / Major Lars Laudal with a High Mobility Launcher (HML) at Rygge military camphttp://forsvaret.no/media/PubImages/20160127tk_2756.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5203Major Lars Laudal.
Oberstløytnant Jon-Arild Bodding ved en High Mobility Launcher (HML) på Rygge flystasjon / LtCol Jon-Arild Bodding with a High Mobility Launcher (HML) at Rygge military campOberstløytnant Jon-Arild Bodding ved en High Mobility Launcher (HML) på Rygge flystasjon / LtCol Jon-Arild Bodding with a High Mobility Launcher (HML) at Rygge military camphttp://forsvaret.no/media/PubImages/20160127tk_2960.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5204Oberstløytnant John-Arild Bodding.
Fra den første skarpkytingen med NASAMS (National Advanced Surface-to-Air Missile System) High Mobility Launcher fra Vidsel Test Range i Sverige, missilene er av typen AMRAAM / From the first Norwegian live fireing with NASAMS (National Advanced Surface-tFra den første skarpkytingen med NASAMS (National Advanced Surface-to-Air Missile System) High Mobility Launcher fra Vidsel Test Range i Sverige, missilene er av typen AMRAAM / From the first Norwegian live fireing with NASAMS (National Advanced Surface-thttp://forsvaret.no/media/PubImages/tknasamstestskyting.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5205I september 2014 hadde Forsvaret si første testskyting med si nye høgmobile utskytingsrampe i Vidsel testfelt i Sverige. Missila er av typen AMRAAM.
En High Mobility Launcher (HML) blir lastet på et av 335 skvadronen`s C-130J Hercules fly på Gardermoen flystasjon / En High Mobility Launcher (HML) blir lastet på et av 335 skvadronen`s C-130J Hercules fly på Gardermoen flystasjonEn High Mobility Launcher (HML) blir lastet på et av 335 skvadronen`s C-130J Hercules fly på Gardermoen flystasjon / En High Mobility Launcher (HML) blir lastet på et av 335 skvadronen`s C-130J Hercules fly på Gardermoen flystasjonhttp://forsvaret.no/media/PubImages/20160127tk_2494.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5201Humvee-en ryggar om bord i Hercules-flyet. Det var andre gong Forsvarets nye luftvernsystem, high mobility launcher, blei frakta på eit Hercules.
En High Mobility Launcher (HML) blir fraktet på et av 335 skvadronen`s C-130J Hercules fly / A High Mobility Launcher (HML) being transported in one of 335 squadron`s C-130J Hercules aircraftEn High Mobility Launcher (HML) blir fraktet på et av 335 skvadronen`s C-130J Hercules fly / A High Mobility Launcher (HML) being transported in one of 335 squadron`s C-130J Hercules aircrafthttp://forsvaret.no/media/PubImages/20160127tk_2665.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5202Humve-en om bord på eit Hercules transportfly.

High mobility launcherHigh mobility launcher

​Er ein del av det norske NASAMS (Norwegian Advanced Surface-to-Air Missile System), eit modulbasert luftvernsystem utvikla av Kongsberg Gruppen.

Frå 2018 tar Luftforsvaret i bruk ein ny type missilutskytingsramper – High mobility launcher (HML).

HML står plassert på lasteplanet til eit Humvee-kjøretøy, som kan frakte systemet til vanskelege tilgjengelege plassar.

Kjøretøyet kan køyre rett om bord i eit Hercules-transportfly og bli floge raskt på plass der Forsvaret treng dei.

http://forsvaret.no/aktuelt_/Lists/FactBoxList/DispForm.aspx?ID=20

Publisert 29. januar 2016 11:39. av Anders Fjellestad (tekst) og Torbjørn Kjosvold (foto), Forsvarets mediesenter. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:27.