aktuelt_2467_luftvernkontrollflotaktuelt_2467_luftvernkontrollflothttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20863https://youtu.be/7ZP--HdKxd0

Herfrå kontrollerer dei luftrommet

Midt ute i havet utanfor Troms seglar fregatten KNM «Thor Heyerdahl». Mannskapet må ha kontroll på fienden i lufta over dei. Eit samarbeid på tvers av greiner blir difor høgst nødvendig.

– Jagarflykontroll fungerer som ein utstrekt arm til fregatten. Fregatten sender ut jagarfly for å kunna få kontroll på fienden i luftrommet. Slik kan kampen gå føre seg lengre ute før han når fregatten, eller andre område me ynskjer å verna, fortel kommandørkaptein Arild Skoge, skipssjef på fregatten KNM «Thor Heyerdahl».

Under øving Flotex 19 har har dei trena på luftvernkontroll på fregatten KNM «Thor Heyerdahl». Målet er blant anna å øva på samspel og koordinering for å bidra til luft- og sjøkontroll. I dette tilfellet, ved hjelp av jagarflykontroll.

– Det er som ein dørvakt på ein utestad. Han møter folk tidleg og avverjar situasjonar før dei endar i bråk. Det same gjeld for luftvern. Det handlar om tidleg varsling, og det er her jagarflya kjem inn, forklarer Skoge.


Kan dekka alle dimensjonar

– Ubåten skal bli god under vatn – jagarflyet i luftrommet. Fregatten skal bli god i alle domene, seier Skoge. 

Det som er spesielt med fregatten er at han kan dekka alle dimensjonar; under vatn, på overflata og  i luftrommet. Fregatten sin moglegheit til å raskt integrera fagmiljø frå andre greiner, styrkjer kampevna.

– Noreg sitt forsvar er bygd på alliert støtte, me er avhengige av det. Difor trenar me luftvernkontroll. Me kan aldri kunna operera saman under krise og krig, dersom me ikkje trenar i fredstid, seier Skoge.

Det betyr at fregattane når som helst kan ta i mot personell frå Luftforsvaret og få dei i arbeid på sine eigne system, ei unik moglegheit til felles situasjonsforståing. Under øvinga Flotex 19 har Luftforsvaret difor to jagarflykontrollørar om bord på KNM «Thor Heyerdahl».

 

 

aktuelt_2467_luftvernkontrollflotaktuelt_2467_luftvernkontrollflothttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20843Luftpersonell i operasjonsrommet arbeider med å overvake og kommunisere med alle jagarfly undervegs i øvinga. Foto: Emil Wenaas Larsen/media/PubImages/20191120EWL_Luftvern_OPS-1033.jpg


Ein av jagarflykontrollørane om bord er vingsersjant Trygve Ringstad. Han jobbar til vanleg på Luftving 131 Sørreisa. No får dei moglegheit til å jobba saman med ei anna forsvarsgrein, noko han synest er positivt.

– Jagarflykontroll frå fregatt gjer at me kan utnytta radio- og radardekning på stader der me ikkje har dekning til vanleg, altså frå landstasjonane våre. Det vil seia at me kan operera lengre ut frå kysten enn det me vanlegvis kan, og får trena i område der me vanlegvis ikkje kan vera.

Me har ulike oppgåver, men dei overlappar kvarandre. Gjennom tett samarbeid så blir me sterkare
Sjef Luftforsvaret Tonje Skinnarland

Viktig samarbeid 

– Me må trena dersom me skal bli gode, og då må me trena realistisk. Det å jobba saman med Luftforsvaret er utruleg viktig. I ein reell situasjon kjem me aldri til å vera åleine, me kjem til å vera saman og då må me jobba effektivt i lag, seier Sjef for Sjøforsvaret, kontreadmiral Nils Andreas Stensønes.

Dei unike eigenskapane til luftmakta er eit godt supplement til fartøya som kan vera til stades lenge og halda eit bilete over lang tid. Fartøya klarer å byggja eit bilete og gjera mykje, og då kan luftkapasitetane brukast der det er viktig.

– Me ynskjer å trena på ferdigheitene og kunnskapane me har, og ikkje minst jobba effektivt med dei ulike luftkapasitetane. Det krev at me forstår kvarandre, seier Stensønes.

Også Sjef Luftforsvaret er einig i at samarbeidet mellom luft og sjø er viktig for å sikra kontroll. Ho fortel at Luftforsvaret ynskjer å bli betre saman med Sjøforsvaret i dei oppgåvene dei bidreg med.

– Me har ulike oppgåver, men dei overlappar kvarandre. Gjennom tett samarbeid så blir me sterkare. Maritim overvaking gjer me også meir effektivt når vi speler saman med luftmakt og sjømakt, seier generalmajor Tonje Skinnarland.

Publisert 25. november 2019 13:52. | Sist oppdatert 27. november 2019 11:57.