20161121_16403420161121_164034http://forsvaret.no/media/PubImages/20161121_164034.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=80623D-printeren i aksjon om bord på KV «Barentshav». Foto: Forsvaret
Brukes til fastsetting av lager med konisk hull på sylindrisk aksel.Brukes til fastsetting av lager med konisk hull på sylindrisk aksel.http://forsvaret.no/media/PubImages/WP_20161122_19_18_22_Rich.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8064Delar som er printa av 3D-printeren. Foto: Guri Nonsvik, Forsvaret
Klemhylse med låsmutter og sikringsanordning til fastsetting av lager med konisk hull på sylindrisk aksel.Klemhylse med låsmutter og sikringsanordning til fastsetting av lager med konisk hull på sylindrisk aksel.http://forsvaret.no/media/PubImages/WP_20161123_17_38_15_Rich.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8065Delar som er printa av 3D-printeren. Foto: Forsvaret
WP_20161125_17_21_40_RichWP_20161125_17_21_40_Richhttp://forsvaret.no/media/PubImages/WP_20161125_17_21_40_Rich.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=80633D-printeren om bord på KV «Barentshav». Foto: Forsvaret

Marinen testar 3D-printing

Under marineøvinga Flotex testar Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) og Marinen ut additiv produksjonsteknikk – betre kjend som 3D-printing.

​​​​​​​​​​​​​​​​Marinen augnar nye moglegheiter med ny teknologi og har tatt med seg to 3D-printarar frå FFI på årets haustøving. Printerane står om bord på logistikkfartøyet for øvinga, KV «Barentshav», saman med operatørar frå FFI.

Om bord på same skipet er Marinens logistikkavdeling (MARCSS) som skal undersøkje nærare korleis teknologien kan brukast.

​FFI stiller med ekspertane

Til å operere printerane stiller FFI med overingeniør Guri Nonsvik og maskiningeniørstudent Martin Øyen frå NTNU.

– Målet med nærværet vårt på Flotex er todelt, fortel Nonsvik.

– Vi ønskjer å vise Sjøforsvaret moglegheitene som finst innan additiv tilverking og orientere dei operative miljøa om kor langt teknologien har kome. Slik kan vi starte ein diskusjon om operativ nytteverdi som dette kan gi Forsvaret. I tillegg vil undersøkje korleis rørslene til skipet verker inn på kvaliteten på delane som blir produserte, seier ho.

​​Billig og tilgjengeleg

Dette er andre gong FFI set 3D-printerar «i felt». Dei var òg i aksjon med printerar på øving Cold Response 2016, då med ein konteinarbasert løysing til støtte for landbaserte maritime styrkar. Det er ikkje berre den norske marinen som undersøkjer 3D-printerar – både US Navy og britiske Royal Navy har begge liknande undersøkingar på gong. Ein ventar at 3D-printing i nær framtid og i stor grad kan kutte kostnader, tilgang på nødvendige delar, kutte lagerhold og auke leveringsraten på nødvendige delar.

Testane for å undersøkje korleis skipet sine rørsler verker inn på printinga, er viktige for å sikre ein høg kvalitet på delane som produserast. Teknologien for å stabilisere printerane om bord er tilgjengeleg i dag. ​

Overingeniør Guri Nonsvik fra FFI. Nonsvik avbildet på KV BarentshavOveringeniør Guri Nonsvik fra FFI. Nonsvik avbildet på KV Barentshavhttp://forsvaret.no/media/PubImages/20161119JØ_5977.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8061Overingeniør Guri Nonsvik i FFI. Foto: Jakob Østheim, Forsvaret
Kommandørkaptein Per Rostad fra FFI holder foredrag om 3D-Printing i Forsvarssammenheng.Kommandørkaptein Per Rostad fra FFI holder foredrag om 3D-Printing i Forsvarssammenheng.http://forsvaret.no/media/PubImages/20161119JØ_5935.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8060Kommandørkaptein Per Rostad har vore initiativtakar til å gjennomføre testane under Flotex. Foto: Jakob Østheim, Forsvaret

​​Kan løyse gamalt problem

Tilgang til reservedelar og logistikk har alltid vore ei utfordring for krigsskip – både under normal fredstidsdrift og spesielt om fartøyet blir utsett for stridsskadar. Det er avgrensa med plass om bord til å ha med reservedelar, derfor er det utfordrande å vite kva delar ein skal prioritere å ha med, særleg om ein blir utsett for stridsskadar.

– Om 3D-printing kan sikre ein tilgang av delar som vi normalt ikkje har om bord, og som er kritiske for å utbetre stridsskadar, så verkar dette som ein interessant teknologi for oss, seier kommandørkaptein Per Rostad, som har vore initiativtakar til å gjennomføre testane under Flotex.

Han fortel vidare at delar som er 3D-printa på øvinga, i utgangspunktet ikkje blir brukt, sidan dei ikkje er testa for brotstyrkje og liknande. Delar blir printa parallelt med bestilling av delar frå lageret om bord, for å demonstrere moglegheitene til 3D-printinga. Det er originale delar frå lager som faktisk blir brukte.

​​​​​Akselererande teknologiutvikling

Dersom tilgangen til datakraft fortset å auke eksponentielt i høve til Moores lov, så akselererer også utviklinga av ny teknologi. I den grad det finst utfordringar med 3D-print-teknologien er det rimeleg å tru at utfordringane blir løyste relativt raskt.

– Vi trur at 3D-print-teknologien vil modnast svært raskt, og at utfordringane som finst, vil løysast. Det vil då vere interessant å vurdere ein utvida bruk av denne teknologien i militær samanheng. Det er òg viktig å merke seg at dei printerane vi har med på øvinga, er svært enkle i høve til kva som finst på marknaden. Vi har til dømes ikkje med metall- eller komposittprinterar, seier Rostad.​​

3D-printing3D-printing

Metode for å produsere gjenstander ved å leggje materiale lag for lag.

Blir ofte omtala som «additiv produksjonsteknikk», ein «adderer» lag for lag med materiale til gjenstanden er ferdig produsert.

Kan produsere gjenstander i metall og plast i tillegg til komposittmateriale som kevlar, karbon, glassfiber og liknande.

Det er mogleg å 3D-printe funksjonelle (men førebels enkle) kretskort.

Blir brukt i produksjon av mange typar gjenstander, òg til å produsere flydelar.

http://forsvaret.no/aktuelt_/Lists/FactBoxList/DispForm.aspx?ID=53

Publisert 28. november 2016 13:14. av Vegard Oen Hatten, Sjøforsvaret. Sist oppdatert 28. november 2016 14:29.