Ståle Pedersen (t.h). Tidligere skipssjef på KNM Fridtjof Nansen, kommandør Ståle Pedersen, mottok medalje på Haakonsvern orlogsstasjon (MTA) for redningsdåd til sjøs 3. november 2015 for å ha reddet 13 personer i Adenbukten under operasjon Ocean Shield 2Ståle Pedersen (t.h). Tidligere skipssjef på KNM Fridtjof Nansen, kommandør Ståle Pedersen, mottok medalje på Haakonsvern orlogsstasjon (MTA) for redningsdåd til sjøs 3. november 2015 for å ha reddet 13 personer i Adenbukten under operasjon Ocean Shield 2http://forsvaret.no/media/PubImages/IMG_3033.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=4368Fylkesmann Lars Sponheim var til stades på vegne av Sjøfartsdirektoratet og stod for utdelinga av medaljen til kommandør Ståle Pedersen.
Kommandør Ståle Pedersen. Tidligere skipssjef på KNM Fridtjof Nansen, kommandør Ståle Pedersen, mottok medalje på Haakonsvern orlogsstasjon (MTA) for redningsdåd til sjøs 3. november 2015 for å ha reddet 13 personer i Adenbukten under operasjon Ocean ShieKommandør Ståle Pedersen. Tidligere skipssjef på KNM Fridtjof Nansen, kommandør Ståle Pedersen, mottok medalje på Haakonsvern orlogsstasjon (MTA) for redningsdåd til sjøs 3. november 2015 for å ha reddet 13 personer i Adenbukten under operasjon Ocean Shiehttp://forsvaret.no/media/PubImages/IMG_3036.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=4369Tidligere skipssjef på KNM Fridtjof Nansen, kommandør Ståle Pedersen, mottek medalje på Haakonsvern orlogsstasjon (MTA) for redningsdåd til sjøs.
Ocean Shield 2013 redningsaksjon.Ocean Shield 2013 redningsaksjon.http://forsvaret.no/media/PubImages/Adenbukten-noen som ble reddet.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=4371Kommandør Ståle Pedersen i Adenbukta.
AdenbuktaAdenbuktahttp://forsvaret.no/media/PubImages/Adenbukta.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=4370Under antipirat-operasjonen Ocean Shield i Adenbukta i 2013, utførte KNM Fridtjof Nansen to redningsaksjonar. Her er eit av skipa.
Tidligere skipssjef på KNM Fridtjof Nansen, kommandør Ståle Pedersen, mottok medalje på Haakonsvern orlogsstasjon (MTA) for redningsdåd til sjøs 3. november 2015 for å ha reddet 13 personer i Adenbukten under operasjon Ocean Shield 2013 / Medal for savingTidligere skipssjef på KNM Fridtjof Nansen, kommandør Ståle Pedersen, mottok medalje på Haakonsvern orlogsstasjon (MTA) for redningsdåd til sjøs 3. november 2015 for å ha reddet 13 personer i Adenbukten under operasjon Ocean Shield 2013 / Medal for savinghttp://forsvaret.no/media/PubImages/IMG_2944.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=4373Tidligere skipssjef Ståle Pedersen tek imot medaljen for redningsdåd til sjøs.

Redningsdåd til sjøs

Han redda 13 personar opp frå vatnet i Adenbukta. No har kommandør Ståle Pedersen fått medalje for innsatsen.

For snart to år sidan stod dei midt oppe i to utfordrande situasjonar. Under anti-piratoperasjonen Ocean Shield i Adenbukta, utførte besetninga på fregatten KNM «Fridtjof Nansen» to redningsaksjonar og redda 13 menneskeliv. No heidrar Forsvaret innsatsen deira.

– Det kjennest godt at vi har redda 13 menneskeliv, og eg er veldig stolt over at vi har fått denne verdsetjinga. Dette er ikkje noko eg har gjort sjølv. Heile besetninga, inkludert Marinejegerkommandoen, som var sentrale i redningsaksjonen, har vore med på dette, poengterer kommandør Ståle Pedersen som var skipssjef under aksjonane. 

​– en Verkeleg heltedåd

Fylkesmann Lars Sponheim delte ut medaljen på vegner av Sjøfartsdirektoratet. Han gav også ein plakett og eit diplom til besetninga.

– Først må eg få seie at dette er sjeldan. Eg har delt ut det eg vil kalle Sjøfarts-Noreg sin medalje for redningsdåd til sjøs. Når medaljen blir delt ut, ligg det ein verkeleg heltedåd bak. Desse to hendingane som gjorde at skipssjef Pedersen med besetning fekk denne verdsetjinga, er heilt i kjernen av føremålet med denne medaljen, seier fylkesmannen.
 

stort dilemma

Fregatten deltok i operasjon Ocean Shield, og patruljerte nordkysten av Somalia. 1. desember 2013 fekk dei melding om ein båt med problem. Skipssjefen sette full fart mot havaristen, og hadde fleire tankar i hovudet. Det største dilemmaet var om dette også var ei kapring, noko som hadde skjedd tidlegare i området.

– Det som var spesielt, var at vi ikkje viste om dette var piratar. Vi måtte nærme oss havaristane på ein spesiell måte, sånn at vi visste at det ikkje var våpen involvert, fortel Pedersen. 

Ny ​​​​havarist

Operasjonen blei vellykka, men allereie neste dag fekk «Fridtjof Nansen» inn ei ny melding. Det dreidde seg om ein ganske lik situasjon med ein ny havarist. I samarbeid med Marinejegerkommandoen løyste skipssjefen og besetninga situasjonane godt. Dei redda i alt 13 menneskeliv.

– Å redde liv er det største eit menneske kan gjere. Det er så enkelt, og så vanskeleg. Her har dei openbert redda liv, med risiko for eige fartøy og besetning, så her kan det nesten ikkje bli brukt store nok ord, meiner Sponheim.

I forslaget til «Medaljen for redningsdåd til sjøs», skildra dåverande nestkommanderande på «Fridtjof Nansen», kommandørkaptein Arild Skoge, innsatsen følgjande:

– Under uføresette hendingar der ein skipssjef, grunna risiko for eige fartøy og besetning, kan velje å la være å gjennomføre redningsaksjonar, valde skipssjef Ståle Pedersen likevel å gjennomføre redningsaksjonane. Begge operasjonane blei gjennomført med leiarskap i ypparste klasse, ved bruk av heile fartøyets organisasjon, for å sikre at tryggleiken til eige mannskap blei teken vare på, og med det resultat at 13 menneskeliv blei redda og gitt ei ny moglegheit i livet.​

Publisert 5. november 2015 11:33. av Elias Engevik, Sjøforsvaret . Sist oppdatert 28. juni 2016 10:25.