20150923th_ 367020150923th_ 3670http://forsvaret.no/media/PubImages/20150923th_ 3670.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3953Generalinspektør Rygg var godt nøgd med det han fekk sjå på Luke Air Force Base i Arizona. Her skal norske flygarar og teknikarar få viktig F-35-erfaring. Her saman med den amerikanske skvadronssjefen Greg Frana. Foto: Torgeir Haugaard, Forsvarets mediesenter
20150922th_ 340120150922th_ 3401http://forsvaret.no/media/PubImages/20150922th_ 3401.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3952Ein strålande blid generalinspektør etter at Noregs første F-35 blei presentert hos Lockheed Martin sist tysdag. Foto: Torgeir Haugaard, Forsvarets mediesenter
20150923th_ 372220150923th_ 3722http://forsvaret.no/media/PubImages/20150923th_ 3722.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3954Generalinspektøren på flight line på Luke Air Force Base i Arizona. Her saman med Noregs øvste leiar på Luke, Martin Tesli (t.v.) og første norske F-35-teknikar Bjørn Tommy Eigeland.
20150917th_ 1980520150917th_ 19805http://forsvaret.no/media/PubImages/20150917th_ 19805.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3950Generalmajor Per-Egil Rygg heldt hovudtala under uteksamineringa av flygarelevar på Sheppard Air Force Base, heilt nord i Texas. Foto: Torgeir Haugaard, Forsvarets mediesenter
20150917th_ 1983220150917th_ 19832http://forsvaret.no/media/PubImages/20150917th_ 19832.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3951Fem norske flygarelevar fekk den ettertrakta venga under uteksamineringa på Sheppard Air Force Base. Her set generalinspektøren på venga til ein av dei norske elevane. Foto: Torgeir Haugaard, Forsvarets mediesenter

Luftsjefen på F-35-rundreise

Høgdepunkta stod i kø då generalinspektøren for Luftforsvaret, Per-Egil Rygg, sist veke fekk oppleve Noregs gryande F-35-miljø i Texas og Arizona.

​​​​​​​​​​​​​​​Sist tysdag var generalinspektør Per-Egil Rygg ein sjølvsagt gjest under den offisielle presentasjonen av Noregs første F-35 i Fort Worth i Texas. Same ettermiddag gjekk turen vidare til Phoenix i Arizona,​​ der Rygg besøkte Luke Air Force Base.

Basen blir på mange måtar Noregs kampfly-vogge. Her skal norske flygarar og elevar lære å fly F-35, og norske teknikarar skal byggje opp viktig kompetanse om vedlikehald og drift av dei nye flya. Erfaringane og kunnskapen frå Luke blir heilt sentral under oppbygginga av F-35-basen på Ørland frå 2017.​

Imponert ​​av Luke

Den norske avdelinga ligg under flybasens 62. skvadron, og det norske personellet skal samarbeide tett med amerikanarar og italienarar. Etter omvisinga på Luke onsdag, var generalinspektør Per-Egil Rygg godt nøgd.

– Det som skjer her på Luke er noko av det viktiga​​​​​​ste som skjer i Luftforsvaret for tida. Eg blir veldig optimistisk når eg ser korleis ting fungerer her, og kva vi bygger opp på Luke. Eg har utan tvil hatt den beste veka på jobb i heile år, seier generalmajor Rygg.

Det er lagt opp til eit stramt laup med komplisert logistikk i åra framover når Forsvaret gradvis skal fase inn F-35. Både flygarar, teknikarar og anna personell må i ein periode kunne handtere både F-16 og F-35. ​

Jobbar med Lockheed

Dei første nordmennene er allereie på plass på Luke, blant dei er Noregs øvste representant (SNR) Martin Tesli, første F-35-teknikar Bjørn Tommy Eigeland og første F-35-flygar Morten Hanche. Våre første to kampfly landar på Luke i siste halvdel av november, og GIL har eit stort håp om at dei vil kunne fly fast før jul.

Dei norske teknikarane på Luke skal jobbe saman med teknikarar frå flyprodusenten Lockheed Martin. Det er generalinspektøren glad for.

– Dette personellet er ekstremt erfarent og har stor fagleg breidde. Samarbeidet med dei norske teknikarane går også veldig bra. Det kan vere at vi hyrer inn personell frå Lockheed Martin for ein periode når vi skal starte opp på Ørland, seier Rygg.​

Attende på​​ Sheppard

Etter besøket i Arizona, gjekk turen vidare tilbake til Texas og Sheppard Air Force Base ved Wichita Falls. Her har norske elevar i fleire tiår hatt si grunnleggjande jagarflyutdanning. Generalinspektøren gjekk sjølv her i 1984–85, og tykte det var fantastisk å vere attende.

– Det ser heilt likt ut her enno, og lukta er akkurat den same som då eg gjekk her for tretti år sidan, humrar Rygg.

På Sheppard får kommande norske jagarflygarar si grunnleggjande utdanning før dei reiser vidare til Tucson i Arizona for å starte treninga med F-16. Frå 2018 skal dei norske elevane i staden til Luke for å trene med F-35.

– Dei siste norske elevane reiser til Tucson i 2018. Vi jobbar no med overgangen, og eg trur han kjem til å gå veldig bra. Det kan godt vere at vi endrar litt på opplæringa og tankesettet her på Sheppard for å gjere overgangen enda enklare, seier Rygg.​

Stor tru på overgangen

I motsetnad til F-16, har F-35 berre plass til ein person. Dermed har flygarane ingen instruktør med seg første gong dei skal fly eit F-35.

– Elevane har hatt mange simulatortimar på førehand. Simulatorane er også så naturtru og avanserte, at det blir nesten heilt likt. F-35 er også pilotvennlege og enkle å fly, så eg har stor tru på at dette skal gå fint, seier Rygg.

Generalinspektøren avslutta si rundreise med uteksamineringa av klasse 15–08 ved Sheppard fredag kveld. 23 elevar, blant dei fem nordmenn, fekk si høgt ettertrakta venge. ​​​​Rygg heldt også hovudtala under uteksamineringsseremonien.​

F-35 og vegen vidareF-35 og vegen vidare

​​​Noreg skal kjøpe inntil 52 kampfly av typen F-35A. Flya blir produsert av Lockheed Martin i Fort Worth i Texas.

Dei første to flya (AM-1 og AM-2) stod klare hausten 2015. Dei ble leverte til Noreg på Luke Air Force Base i midten av november 2015. Flya er no i bruk.

Dei fire første norske flya skal halde til på Luke, der dei skal inngå i ein internasjonal «pool». Flya skal brukast til trening og opplæring av flygarar og teknisk personell.

Noverande norske F-16-flygarar får si F-35-opplæring på Luke frå 2015 og 2016. Frå 2018 skal også norske flyelevar til Luke. I dag reiser elevane til Tucson etter grunnopplæringa på Sheppard. Den norske avdelinga på Tucson skal byggjast ned frå 2018.

Luftforsvaret bygger no opp Ørland for å kunne ta imot F-35 i 2017. Mellom anna får hovudstasjonen ein simulatoravdeling og vedlikehaldsavdeling.

Dei første norske flya skal operere frå 2019, og heile kampflyflåten skal operere for fullt frå 2025. Flya får Ørland som base, medan Nato-oppdraget QRA blir handtert frå den framskotne basen på Evenes.

Dagens F-16 skal handtere QRA-oppdraget frå Bodø ut si levetid i 2021.​

http://forsvaret.no/aktuelt_/Lists/FactBoxList/DispForm.aspx?ID=8

Publisert 30. september 2015 15:17. av Anders Fjellestad og Torgeir Haugaard (foto), Forsvarets mediesenter. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:24.