No opnar Hjerkinn skytefelt for alle

Etter 14 år med rydding av eksplosiv og blindgjengarar på Hjerkinn, blir skytefeltet no opna for sivilbefolkninga.

Skytefeltet på Hjerkinn strekker seg over 165,5 kvadratkilometer, og ryddinga bli rekna som den største naturrestaureringa i noregshistoria.

Historisk miljøprosjekt

Skytefeltet var lenge det største Forsvaret hadde i Sør-Noreg. Etter krigen har Forsvaret nytta feltet til skarpskyting og til trening med allierte. I 1999 vedtok Stortinget å leggje ned skytefeltet, og i løpet av 2008 avvikla Forsvaret all militær skyte- og øvingsaktivitet på Hjerkinn.

Forsvarsbygg har leia ryddinga etter oppdrag frå Forsvarsdepartementet. Dei har heile vegen hatt eit tett samarbeid med Forsvaret, noko som har vore essensielt for å få utført oppdraget.

– Forsvaret har vore heilt avgjerande. Det har vore ein dugnad i heile sektoren for å få fullført dette historiske miljøprosjektet, seier Trond Enemo, senior kommunikasjonsrådgivar i Forsvarsbygg.


Blindgjengarrydding

Sidan 2006 har avdelingar frå alle forsvarsgreinene blitt sende til Hjerkinn for å rydde blindgjengarar. Har du tenestegjort i Forsvaret det siste tiåret, er sjansen stor for at du anten har deltatt sjølv, eller at du kjenner nokon som har deltatt i ryddinga.

Så mange som 15 000 soldatar har trakka rundt i den idylliske fjellheimen, på leit etter blindgjengarar. Mellom høge toppar, i bratte skråningar, har dei gått i grøn uniform, med hjelm på hovudet og steg for steg klarert skytefeltet for rundt 4700 blindgjengarar. Ein av dei siste som deltok, var avdelingstillitsvalt for Marinen, Dabrowka Knach.

– Som basesoldat er det kanskje noko av det mest operative eg vil gjere i tenesta mi, så å kunne seie at eg har vore med på å sprenge blindgjengarar er utruleg gøy, seier Knach.

Ho fortel om god stemning blant soldatane som deltok, og at dei tok oppdraget på alvor.

– Vi forstod alle at det var eit viktig oppdrag, og at det var vår plikt å bidra ettersom Forsvaret har brukt Hjerkinn som skytefelt i ei årrekkje. Til tross for nokre gnagsår her og der, sit eg att med gode minne frå Hjerkinn. 

Offisiell opning

Onsdag 16. september er det offisiell opning av Hjerkinn som ein del av nasjonalparken på Dovre. Området er ført tilbake til sivilbefolkninga etter nesten 80 år i Forsvarets eigedom.

Prosjektleiar Ole Petter Gundersen er særs nøgd med innsatsen og motivasjonen til soldatane som har deltatt i ryddinga.

– Forsvaret har levert avgjerande bidrag inn i prosjektet. Alle våpengreinene har gjort ein utmerka jobb sidan vi starta i 2006. Dei har vore positive, motiverte og stått på og løyst oppdraget på ein fortreffeleg måte. Alle fortener ein stor takk, seier Gundersen.

 Les mer om

 

 

aktuelt_2660_noopnarhjerkinnaktuelt_2099_hjerkinn/aktuelt/hjerkinn/media/PubImages/20180814_larsph_0630.jpgDen store ryddejobbenBlant moskus og villrein på naturskjønne Dovre, har Forsvaret fjernet 17 000 blindgjengere og eksplosivrester siden 2006. I 2020 skal Hjerkinn skytefelt tilbakeføres til sivil bruk. aktuelt_2660_noopnarhjerkinnhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=8321


Publisert 14. september 2020 16:11. | Sist oppdatert 14. september 2020 16:12.