Første norske kampfly i luftaFørste norske kampfly i luftahttp://forsvaret.no/media/Lists/YouTubeVideoList/DispForm.aspx?ID=119https://www.youtube.com/watch?v=4_MmXF1TCk4Tysdag 6. oktober 2015 tok eit norsk F-35 av for første gong. Det skjedde ved fabrikken Lockheed Martin i Fort Worth i Texas.

Her lettar Noregs nye kampfly

Tysdag 6. oktober tok eit norsk F-35 for første gong av frå fabrikken i Fort Worth i Texas.

​​​​​​​Det har vore fleire høgdepunkt i det norske kampflyprogrammet den siste tida. 6. oktober blei nok ein merkedag. Klokka 17.05 norsk tid tok eit norsk F-35 av for første gong. 

Dette er den første av fleire testflygingar som skal leie fram mot den formelle overtakinga i midten av november. Då landar Noregs to første kampfly ved utdanningsbasen Luke Air Force Base i Phoenix i Arizona. ​

– Det er gledeleg at Lockheed Martin har fått det første norske flyet i lufta allereie. Det syner at framdrifta går etter planen, seier forsvarssjef admiral Haakon Bruun-Hanssen.

M​​ilepålar i kø

Tysdag 22. september blei Noregs første F-35 – òg kalla AM-1 – presentert under ein høgtideleg seremoni ved fabrikken i Texas. Men det var faktisk vårt andre fly, AM-2, som fekk æra av å være først i lufta. Flygaren var Bill Gigliotti, testpilot hos Lockheed Martin. 

Til saman varte flyginga i 1 time og 32 minutt. Målet var å teste at motor og styresystem fungerer som dei skal. Dei neste vekene skal dei to norske flya gjennom ei rekkje slike testflygingar før avreise til Luke. 

​Avgjerande førebuing

Generalmajor Morten Klever er programdirektør i Kampflyprogrammet og har ansvar for det norske innkjøpet av F-35. Han seier den første flyginga er ein viktig del av Noregs førebuingar for å kunne ta imot dei første flya her heime i 2017.

– Fleire av dei andre kjøparane av F-35 ser føre seg ein meir glidande overgang frå dagens fly til F-35. Vi har ikkje moglegheit til det, sidan våre F-16 er i ferd med å nå slutten på si levetid, seier Klever.​​​

Sjølv om det norske innkjøpet av F-35 vil vare i nesten ti år til, vil det no hende svært mykje på kort tid. 

– Vi går inn i ein ny og spennande fase fram til F-35 begynner å løyse oppdrag her heime i 2019, seier Klever.​
Publisert 8. oktober 2015 11:57. av Forsvarets mediesenter og Forsvarsdepartementet. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:24.