Ny «korona-rekrutt» gjennomført

Madlaleiren har no gjennomført si andre rekruttutdanning under omfattande smitteverntiltak. Over 900 nye soldatar er klare for teneste.

​Torsdag 10. september vart rekruttskule 20-07 på Madla avslutta. Dette er den andre rekruttskulen som blir gjennomført med omfattande smittevernstiltak. Rundt 950 rekruttar frå både Sjø- og Luftforsvaret er no klare for nye utfordringar ved ny tenestestad.

Avslutning på Madla

Som vanleg vart rekruttskulen avslutta med oppstilling og inspeksjon. Stabssjef i Sjøforsvaret, flaggkommandør Gunnstein Bruåsdal, inspiserte rekruttane og ønskte dei lykke til i vidare teneste. 

– Tenesta som ventar dykk no, er kva de gjer den til sjølve. Om de går inn i tenesta med maks innsats og med ønskje om å bidra og lære, kan de sjå fram til ein svært spennande og meiningsfull teneste, sa Bruåsdal til rekruttane.

Vernepliktige betyr alt

Den første rekruttskulen med omfattande smittevernstiltak var ei stor omvelting, men KNM Harald Haarfagre sette i gang grundige og haldbare tiltak. Desse fungerte på eit tilfredsstillande nivå, og blei difor med vidare inn i 2007-skulen.

– Det er krevjande å halde rekruttskule under ein pandemi, men takka vere dyktige tilsette, flinke avdelingssoldatar og godt motiverte rekruttar, så har vi saman klart å gjennomføre rekruttskulen på ein utmerkt måte, seier sjef KNM Harald Haarfagre, kommandør Ronny Kristoffersen. 


Eit stort fokus har vore på avstand, noko som er lettare sagt enn gjort med nesten tusen rekruttar på leir, i tillegg til avdelingssoldatar og tilsette. Løysinga har vore «Madlamodellen», med over 4000 kvadratmeter med telt på oppstillingsplassen.

Kvar tropp har hatt sitt eige telt, der dei et alle måltid, har undervisning og velferdsarrangement. Lugarane på tropp blir rekna som ein kohort, og kan difor vere nærmare kvarandre. Resten av troppen må dei heile tida halde tilstrekkelig med avstand til.

Sjølv om tiltaka har vore krevjande, var det aldri eit alternativ å ikkje gjennomføre rekruttskulen. Førre veke besøkte forsvarsminister Frank Bakke-Jensen KNM Harald Haarfagre.

– Forsvaret er ein organisasjon som vil stoppe opp utan vernepliktige, konstaterte Bakke-Jensen under besøket.

Han var svært nøgd med måten rekruttskulen har løyst smittevern-rutinane på, og meiner dei har takla situasjonen på ein fin måte.

 Kva er eigentleg rekruttskulen?

 

 

aktuelt_2659_nyrekruttskulegjennokarriere_195_rekruttskole/rekrutt/media/PubImages/rekruttskole-skyting-fallskjermjeger.jpgRekruttperiodenRekruttperioden, eller grunnutdanninga, er dei første 6–8 vekene i førstegongstenesta.aktuelt_2659_nyrekruttskulegjennohttp://forsvaret.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=8318


Portforbod ingen hindring

Eit smittevernstiltak som kan verke overveldande på dei nye rekruttane, er portforbodet. I løpet av den åtte veker lange rekruttskulen, har rekruttane vore inne på leir heile tida. Dette kan påverke både trivsel og motivasjon.

– Rekruttane set pris på og forstår at vi tek smittevern på høgaste alvor. Vi gjennomfører ei rekkje velferdstiltak for å gjere portforbodet enklare, og eg meiner vi har lykkast godt med å skape trivsel og motivasjon trass portforbodet, seier rekruttskulesjef Kristoffersen.

Klare for nye tenestestader

No som rekruttskule 20-07 er gjennomført, forsyner Madlaleiren Forsvaret med rundt 950 soldatar. Dei skal tenestegjere på ulike avdelingar og fartøy – anten i Sjøforsvaret eller Luftforsvaret. Sjølv med omfattande smittevernstiltak har rekruttane fått den utdanninga dei treng for å vere rusta til vidare teneste.

– Rekruttane har gjennomført alt i samband med utdanningsprogrammet, og dei har gjort det på ein utmerkt måte, fortset Kristoffersen.

Han er godt nøgd med innsatsen til rekruttar, avdelingssoldatar og tilsette på rekruttskulen.

– Med felles innsats har vi klart å utdanne framtidas soldatar – Forsvarets kampkraft – under ei svært krevjande periode. Rekruttane gleder seg no til å ta fatt på den vidare tenesta i dei respektive avdelingane. Eg veit Forsvaret vil ta godt vare på dei i framtida, avsluttar han.

Publisert 11. september 2020 14:32. | Sist oppdatert 14. september 2020 11:48.