aktuelt_2041_nysjefimarinenaktuelt_2041_nysjefimarinenhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14851/media/PubImages/20180515MVV_P39A9878.jpg
aktuelt_2041_nysjefimarinenaktuelt_2041_nysjefimarinenhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14852/media/PubImages/20180515MVV_P39A9786.jpg
aktuelt_2041_nysjefimarinenaktuelt_2041_nysjefimarinenhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14853/media/PubImages/20180515MVV_P39A9658.jpg
aktuelt_2041_nysjefimarinenaktuelt_2041_nysjefimarinenhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=14854/media/PubImages/20180515MVV_P39A9795.jpg

Marinen har fått ny sjef

Tysdag 15. mai fekk Marinen ny sjef, Rune Andersen. Med Forsvarets fokus på maritime kapasitetar ser den nye sjefen fram til å hente ut det fulle potensialet i Marinen.

Flaggkommandør Rune Andersen kjem frå stillinga som nestleiar ved seksjon for forsvarsplanlegging i Forsvarsdepartementet. Med seg har han god innsikt i kva slags utfordringar og moglegheiter vi står føre i tida framover.

– Det tryggleikpolitiske farvatnet er i stadig endring. Vi må difor kunne tilpasse styrkebidraga våre og operasjonsmønsteret vårt til stadig skiftande behov, sa Andersen.

Takka forgjengaren

Under overtakingsseremonien takka den nye sjefen forgjengaren sin, Ole Morten Sandquist. Han sa at Sandquist etterlet seg ei skute på rett kurs, kor Marinen har levert på eit veldig høgt nivå. Andersen ønskjer å fortsetje den positive utviklinga og samstundes justere kursen for å bli enda meir operativ.

– Vi har eit ansvar å fortsetje operasjonaliseringa som er starta. Vi må realisere heile potensialet i fartøya og avdelingane våre. Eg er innstilt på at vi skal auke dei operative leveransane våre ytterlegare når vi får full effekt av omstillinga vår og auka budsjett, sa Andersen.

Omstilling

Sjøforsvaret og Marinen har intensivert arbeidet med å førebu og å gjennomføre operasjonar. For mange tilsette har dette ført til omstilling og nye oppgåver. Andersen rosar dei nye kollegaene sine for.

– Arbeidet de har gjort for å bli meir operative, er lagt merke til. Innsatsen dykkar og dei knallharde prioriteringane for å få meir kampkraft ut av kvar forsvarskrone blir høgt verdsatt av Forsvarets politiske og militære leiing. Eg ser verkeleg fram til å kome i gang og møte dykk alle i kvardagen her på basen, om bord og ved avdelingane, sa Andersen.

– Høg risiko

Maritime kapasitetar er prioritert i den vidare utviklinga av Forsvaret. Framover skal Marinen blant anna ta i mot eit nytt logistikkfartøy, utvikle nye konsept for minerydding og skaffe nye ubåtar. Satsinga på Marinen må sjåast i samanheng med andre store satsingar – i Kystvakta, i Luftforsvaret og innan overvaking og etterretning – alt med ein tydeleg maritim hensikt.

– Maritim krigføring er i ytste konsekvens ei verksemd med høg risiko og stort alvor. For å kunne vinne ein taktisk duell, overleve, og dra ut for å vinne ein gong til, må vi ha et utprega ønskje om heile tida å bli litt betre. Betre til å forstå trugslar, betre til å operere systema våre, betre til å handle saman internt og med andre einingar.

Avtroppande marinesjef, flaggkommandør Ole Morten Sandquist, er utnemnd til kontreadmiral i stillinga som forsvarsattaché ved ambassaden i Washington.

Publisert 15. mai 2018 15:15.. Sist oppdatert 15. mai 2018 15:34.