aktuelt_1941_nyekjoretoypaagrensaaktuelt_1941_nyekjoretoypaagrensahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=7562Video og redigering: Ole-Sverre Haugli, Forsvarethttps://youtu.be/_F0vcnOMzuo

Nye køyretøy til grensa

Nyleg fekk grensejegerane ved Garnisonen i Sør-Varanger nye snøskuterar og sekshjulingar. Dei nye terrengkøyretøya gjer det enklare å overvake grensa mot Russland.

Noregs grense mot Russland er 196 kilometer. Det er ikkje ei lang grense, men gjennom Schengen-medlemskapen er Noreg forplikta til å halde strengt oppsyn med grensa. Oppdraget blir løyst av grensejegerane ved Garnisonen i Sør-Varanger, i tett samarbeid med politiet. Grensa blir patruljert kvar dag og natt gjennom heile året. På ski, på snøskuter, til fots og på sekshjula terrengkøyretøy (ATV). No har grensevakta fått nye lette terrengkøyretøy og skuterar.

Forsvarsmateriell har kjøpt inn til saman 300 nye snøskuterar og terrengkjøretøy til Forsvaret. Garnisonen i Sør-Varanger var dei første som fekk dei nye køyretøya. I løpet av året skal soldatane her få 90 nye snøskuterar og 70 sekshjulingar å operere med. For garnisonssjef Jørn Qviller og soldatane som har ansvaret for Norges side av grensa mot Russland, har det vore avgjerande å få dei nye terrengkøyretøya.

– For oss betyr dei nye snøskuterane veldig mykje, og vi kan gjere ein langt betre jobb. Dei gjer det lettare for oss å ta oss fram, dei gir mindre vedlikehald og større operativ evne til kvar ein tid, seier garnisonssjef Qviller.

Dagens skuterar er ti år gamle, og det er dyrt og vanskeleg å vedlikehalde dei. For tolv månader sidan vedtok Forsvaret å kjøpe inn nye lette terrengkøyretøy, og no er dei altså levert til grensevakta.

– Vi er særs nøgde med kor raskt innkjøpet har gått. Dette har vi gjort gjennom NSPA (innkjøpsorganisasjonen i NATO). I tillegg har vi hatt godt samarbeid, særleg Garnisonen i Sør-Varanger, seier brigader Morten Eggen i Forsvarsmateriell.

 

 

aktuelt_1941_nyekjoretoypaagrensaaktuelt_1941_nyekjoretoypaagrensahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=7563/media/PubImages/20180124ltk_gsv.jpg
aktuelt_1941_nyekjoretoypaagrensaaktuelt_1941_nyekjoretoypaagrensahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=7564/media/PubImages/506U7850.jpg
aktuelt_1941_nyekjoretoypaagrensaaktuelt_1941_nyekjoretoypaagrensahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=7565/media/PubImages/506U7852.jpg
aktuelt_1941_nyekjoretoypaagrensaaktuelt_1941_nyekjoretoypaagrensahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=7566/media/PubImages/506U7854.jpg
aktuelt_1941_nyekjoretoypaagrensaaktuelt_1941_nyekjoretoypaagrensahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=7567/media/PubImages/506U7901.jpg


Publisert 29. januar 2018 10:38. av Forsvarsmateriell og Forsvarets mediesenter. Sist oppdatert 29. januar 2018 15:41.