Nytt norsk bidrag på plass i Litauen

Dei neste månadene er soldatar frå Fjernoppklaringseskadronen ein del av NATOs styrkte nærvær i Litauen. Det gir verdifull erfaring.

Tekst: Anders Fjellestad   Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret

Snøflaka dalar roleg mellom furutrea. Sakte og lydlaust smyg soldatane frå Fjernoppklaringseskadronen seg bortover i snøen. Vi kunne ha vore i ein skog i Østerdalen, men er i staden i eit militært treningsfelt ved landsbyen Pabrade, ein time nord for Litauens hovudstad Vilnius.  Her trenar dei norske soldatane som ein del av NATOs styrkte nærvær i Aust-Europa.

– Dette er ein god moglegheit for oss til å trene, og gutane er veldig nøgde, seier major Christian Berglund Markussen, styrkesjef for det norske bidraget.

Plutseleg drønner skota gjennom skogen, og dei norske soldatane lauper i dekning og svarar på elden. Øvinga er i gong.

er til stades 

Det siste året har NATO forsterka sitt militære nærvær i Polen og Baltikum gjennom Enhanced Forward Presence (eFP). Målet er å roe alliansen sine austeuropeiske medlem og samstundes sende eit klart signal om at NATO er på plass og står saman. I fjor deltok 200 soldatar frå Telemark bataljon og tilhøyrande støtteelement i den tysk-leia stridsgruppa i Litauen, og 8. januar tok ein ny norsk styrke over stafettpinnen. Styrken har 35 soldatar og støttepersonell som skal tenestegjere i landet fram til sommaren.

– Vi er ein del av stridsgruppa og skal understøtte den tyske styrkesjefen. Målet er å vise litauarane og alle andre at alliansen har evne og vilje til kollektivt forsvar, seier Markussen.


Dessutan gir deltakinga i eFP god moglegheit til å trene og terpe på enkeltmannsferdigheiter og komplekse scenario som patruljestrid og trening i tettbygde område.

– Ved å delta i eFP ønskjer vi òg å vedlikehalde det gode inntrykket alliansen har av norske soldatar som fleksible og løysingsorienterte folk. Vi får også trena saman med dei andre nasjonane i NATO, og det er nyttig erfaring for oss, seier styrkesjefen.

Oppklaring i det fjerne

Den norske styrken har base i militærleiren Rukla, midt i landet. Men i januar og februar deltek soldatane i ei militærøving litt lenger aust i Litauen. Hovuddelen av det norske bidraget er ei avdeling frå Fjernoppklaringseskadronen. Kva eskadronen gjer, kan kanskje verke litt mystisk, men oppdraget ligg i namnet – dei skal finne ut korleis situasjonen er eit godt stykke føre hovudstyrken.

– Soldatane tek seg til fots med sekk og kikkertar og observerer og rapporterer tilbake. Ved å observere skal dei stadfeste eller avsanne indikasjonar og opplysningar. Informasjonen dei hentar inn, skal gi den militære leiinga eit best mogleg grunnlag for å fatte avgjersler, seier Markussen.

 Les mer om

 

 

aktuelt_1940_nyttnorskbidragilitakarriere_221_feltoperator/fjernoppklaring/media/PubImages/feltoperator_toppbilde.jpgFeltoperatør i FjernoppklaringseskadronenFjernoppklaringseskadronen er ein del av Etterretningsbataljonen som er ei av Forsvarets avdelingar for etterretningsstøtte til militære operasjonar. aktuelt_1940_nyttnorskbidragilitahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=3486


Fjernoppklaringssoldatane har med seg utstyr og forsyningar for å klare seg aleine vekevis ute i felt. Dei har minimalt med støtte og må derfor vere løysingsorienterte og naturlegvis vande med å vere lenge ute i felt.

– Personellet vårt er veldig erfarent. Dei yngste har vore her i minimum tre år, dei eldste har rundt ti år med erfaring, seier styrkesjefen.

nøgde i Litauen

Fjernoppklaringseskadronen har teke del i fleire internasjonale operasjonar, mellom anna i Afghanistan og Nord-Irak. Og no får dei enda meir erfaring i eit nytt miljø og med soldatar frå andre allianseland. Så langt er det norske personellet godt nøgde med å tenestegjere i Litauen.

– Inntrykket er veldig bra, og litauarane er veldig på tilbodssida. Vi bur fint og har gode treningsfasilitetar. Dette gir oss moglegheit til god trening og ting vi ikkje alltid kan få gjort heime i Noreg, og eg er stolt over å vere norsk i en NATO-operasjon, seier styrkesjef Markussen.

Publisert 24. januar 2018 11:12.. Sist oppdatert 24. januar 2018 11:57.