aktuelt_2056_oeveriandfjordenaktuelt_2056_oeveriandfjordenhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=15183Frå øvinga i Andfjorden. Foto: Jakob Østheim, Forsvaret/media/PubImages/20180531JØ_1000.jpg
aktuelt_2056_oeveriandfjordenaktuelt_2056_oeveriandfjordenhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=15184Frå øvinga i Andfjorden. Foto: Jakob Østheim, Forsvaret/media/PubImages/DSC_1824.JPG
aktuelt_2056_oeveriandfjordenaktuelt_2056_oeveriandfjordenhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=15185Frå øvinga i Andfjorden. Foto: Jakob Østheim, Forsvaret/media/PubImages/20180527JØ_0020.jpg

Øver på overflatekrig i Andfjorden

KNM «Roald Amundsen» heldt førre veke ei taktisk skarpskyting saman med norske og allierte fartøy.

Skyteøvinga Mjølner starta i 2016, og blir halden kvart anna år i skytefeltet utanfor Andøya. Det er ei avansert øving med fokus på antiluft- og antioverflatekrigføring.

– Dette er ei unik og god øving for å teste dei ulike våpensystema om bord. Samstundes skjer det eit taktisk scenario, slik at vi ikkje berre får testa systema, men også besetninga om bord, seier skipssjef på KNM «Roald Amundsen», kommandørkaptein Eivind Kvalvåg.

Under skyteøvinga har deltakarane blant anna skote med Evolved Sea Sparrow Missile (ESSM), Harpoon-missiler, torpedo og artilleri.

– Øvinga er viktig og styrkjer nivået til besetninga. Vi får auka tillit til systema våre. Vi får auka tillit til kvarandre mellom nasjonane. Med det styrkjer vi det gode samarbeidet vårt, seier Kvalvåg.

Saka held fram under bileta.

 

 

aktuelt_2056_oeveriandfjordenaktuelt_2056_oeveriandfjordenhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=15186Frå øvinga i Andfjorden. Foto: Jakob Østheim, Forsvaret/media/PubImages/20180528_OLBI6655.jpg
aktuelt_2056_oeveriandfjordenaktuelt_2056_oeveriandfjordenhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=15187Frå øvinga i Andfjorden. Foto: Jakob Østheim, Forsvaret/media/PubImages/20180531JØ_8972.jpg
aktuelt_2056_oeveriandfjordenaktuelt_2056_oeveriandfjordenhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=15188– Komplekse øvingar i nærområda våre er viktig for Noreg og NATO, seier sjef Marinen flaggkommandør Rune Andersen. Foto: Jakob Østheim, Forsvaret/media/PubImages/20180529JØ_8851.jpg
aktuelt_2056_oeveriandfjordenaktuelt_2056_oeveriandfjordenhttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=15189Frå øvinga i Andfjorden. Foto: Jakob Østheim, Forsvaret/media/PubImages/P1010167.JPG


Gode førebuingar er viktig. Både for tryggleiken, men òg for å kunne gjennomføra skarpe skyteøvingar som denne på ein god måte. 
 

– Det krev høgt treningsnivå og gode system for at ei slik øving skal kunne bli gjennomført. Vi skyt tett opptil andre fartøy, og dette krev tett koordinering. Komplekse øvingar som denne demonstrerer at vi har eit godt treningsnivå internt i NATO. Det er ein demonstrasjon på at vi samarbeider godt, seier Kvalvåg.

Marinen leverer kampkraft av høg kvalitet. Det er viktig for Noreg å sikre fri tilgang til havet, der grunnlaget for Noregs velstand ligg.

– Komplekse øvingar i nærområda våre er viktig for Noreg og NATO. Ho syner  alliansen kva moglegheiter vi har, og ho demonstrerer og evna og vilja til å operere saman, seier sjef Marinen, flaggkommandør Rune Andersen.

Ni overflatefartøy og maritime patruljefly frå Noreg, Belgia, Danmark og Nederland deltok i øving Mjølner.

Publisert 5. juni 2018 13:31. av Oda Linnea Brekke Iden (tekst) og Jakob Østheim (foto),Sjøforsvaret. Sist oppdatert 7. juni 2018 09:42.