Øver på å halde Austersjøen open

Norske marinefartøy i NATO-teneste deltok i årets største maritime øving i Austersjøen.

​15 prosent av godstrafikken i verda går i Austersjøen – omkransa av NATO-land, partnernasjonar og Russland. I ein region med store kulturelle og økonomiske skilnader, må ein halde ro og orden – og det øver norske styrkar på no.

Den årlege øvinga heiter Baltops, og blir i år arrangert for 49. gong. Målet er å styrke samarbeidet i alliansen.

Må halde saman

Totalt 3000 militærpersonell, 28 fly og 28 fartøy frå 19 nasjonar deltok, og det norske bidraget bestod av fregatten KNM «Otto Sverdrup» og mineryddaren KNM «Otra».

– Nasjonane i regionen er økonomisk avhengige av at Austersjøen er open og tilgjengeleg. Då er det viktig å vere tydlege og stå saman for å hindre at andre skal ta seg til rette, seier flaggkommandør Yngve Skoglund.


Han har sidan desember i fjor vore styrkesjef for NATOs ståande fregattstyrke i Nord-Europa, SNMG1 (Standing NATO Maritime Group 1). Under øvinga har han leia ein flåtestyrke på fem fartøy frå Noreg, USA, Tyskland og Canada.

–  Trass ei utfordrande tid har ikkje covid-19 påverka operasjonane eller øvingane til SNMG 1. Nokre øvingar har blitt reduserte på grunn av pandemien og dei økonomiske utfordringane knytt til han. Likevel har NATO-styrkane gjennomført all planlagt aktivitet, seier han.

Opne hovudfartsårer

KNM «Otra» har sidan februar operert i allierte farvatn. Undervegs har mannskapet om bord fått fjerna eit titals historiske miner og vore ein del av NATO-beredskapen. Fartøyet er ein del av NATOs ståande mineryddarstyrke i Nord-Europa, SNMCMG1.

Det krev jamleg trening og øving. Det har Baltops gitt oss i massevis, sjølv med ein laupande koronatrussel.

Styrken blir i år leia av norske Henning Knudsen-Hauge på vegner av NATO. Han er særs nøgd med resultata frå øvinga. Under Baltops har han leia sju fartøy frå Noreg, Tyskland, Storbritannia, Nederland og partnarnasjonen Finland.

– Ein ting er å ha nokre fartøy som opererer godt åleine eller i eit mindre samband. Noko anna er å fungere godt i større koordinerte operasjonar med ulike fartøy, fly og andre fellesoperasjonelle element, seier Knudsen-Hauge og legg til:

– Det krev jamleg trening og øving. Det har Baltops gitt oss i massevis, sjølv med ein laupande koronatrussel.


Mineryddarstyrken sørgjer for opne og trygge maritime kommunikasjonslinjer.

– I fred, krise og krig skal vi undersøkje strategisk viktige farvatn for å finne og uskadeleggjere eventuelle truslar eller eksplosiv. Slike truslar kan hindre, og i verste fall, skade sivil skipsfart, offshore-installasjonar, handelstrafikk eller maritime militære operasjonar, forklarar styrkesjefen.

Undervegs i øvinga har dei norske styrkane, saman med resten av NATO-styrken, vist at dei har evne og vilje til å skape tryggleik og maritim fridom for allierte og partnarar.

 Les meir

 

 

aktuelt_2621_ovingbaltops2020aktuelt_2496_norskledelseinatossj/aktuelt/norsk-ledelse-i-natos-sjoestyrker/media/PubImages/DSC_6809.jpgNorge tar styringen over NATOs nordlige marinestyrkerNorge har nå kommandoen over halvparten av NATOs stående marinestyrker i Europa.aktuelt_2621_ovingbaltops2020http://forsvaret.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=8205

Publisert 17. juni 2020 15:47.