Portrett av oberst Tonje Skinnarland.Portrett av oberst Tonje Skinnarland.http://forsvaret.no/media/PubImages/Skinnnarland.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5602Tonje Skinnarland blir ny stabssjef i Luftforsvaret. Foto: Martin Mellquist, Forsvaret

Ny stabssjef i Luftforsvaret

Oberst Tonje Skinnarland blei i statsråd fredag utnemnt til brigader og tilsetjast som ny stabssjef i Luftforsvaret.

​​​​Tonje Skinnarland startar i stillinga når Forsvarsdepartementet avgjer det. Ho har i løpet av tenesta si i Forsvaret opparbeidd seg solid erfaring frå både operativ teneste og stabsteneste.

Tonje Skinnarland. 

I 2007–2010 var ho stasjonssjef på Luftforsvarets stasjon Mågerø som sjef for 130 Luftving. Frå 2010–2015 tenestegjorde ho i Forsvarsdepartementets avdeling for tryggingspolitikk (FD ll). Der var ho leiar for seksjonen for nasjonal tryggingspolitikk, krisehandtering og beredskap.

Det siste året har Skinnarland leia organisasjonsutviklinga av Luftforsvaret si leiing. Ho blir den første kvinnelege brigaderen i Luftforsvaret.

Skinnarland blei uteksaminert frå Forsvarets stabsskule i 2003 og gjekk Forsvarets høgskule sitt sjefskurs i 2009. Skinnarland fekk fleire utmerkingar for sine prestasjonar i tida som elev ved Luftkrigssku​len og Forsvarets stabsskule. Ho har dessutan internasjonal erfaring frå Balkan og Baltikum.

Generalinspektøren for Luftforsvaret, generalmajor Per-Egil Rygg, er svært nøgd med utnemninga.

– Dette er ein historisk dag for Luftforsvaret. Vi får ein svært kvalifisert stabssjef med dei rette personlege eigenskapane som kan ta del i den vidare utviklinga mot framtidas luftforsvar.​

Publisert 4. mars 2016 14:50. av Luftforsvaret. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:27.