Reiser til England for å trena på krig

Nyleg segla fregatten KNM «Fridtjof Nansen» til Plymouth. No er besetninga klar for seks veker med trening før ein svært viktig eksamen.

– Eg ser for meg at det kjem til å bli hard jobbing, og at me vil læra mykje. I byrjinga kjem me til å kjenna på at det er ein del å ta tak i, men eg er også sikker på at me kjem til å kjenna på meistring etter kvart.

Det seier skipssjef Ruben Grepne-Takle som forventar mykje arbeid over ein periode på seks veker. 

Øvingsprogrammet blir kalla Basic Operational Sea Training og blir drive av organisasjonen FOST(S), Flag Officer Sea Training (South), som tilhøyrer britiske Royal Navy. 


Skal trena saman med NATO-allierte

FOST har ein arena med mykje ressursar som skal trena ulike fartøy i strid. Øvinga finn stad i Plymouth i England, og fungerer som eit kurs som skal heva nivået til besetninga om bord på fregatten. 

– Det som er positivt med treninga, er at fartøy frå andre NATO-allierte land er med på det same. Slik får me driva med trening på tvers av landegrenser, og me kan bli best mogleg koordinerte, fortel skipssjefen.

Noreg sender fregattar kvart år til FOST(S). Grunnen til deltakinga er at fartøya skal kunna brukast til alle typar oppdrag. Det er difor viktig for Marinen at fartøya skal ha eit høgt nivå.

 

 

aktuelt_2515_reisertilenglandforaaktuelt_2515_reisertilenglandforahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=21408Britiske Michael Carter Quinn er Commander Sea Training og nestkommanderande ved FOST si avdeling i Plymouth. /media/PubImages/200207_OLBI_1104.jpg


Trenar fartøy frå heile verda

Britiske Michael Carter Quinn er Commander Sea Training og nestkommanderande ved FOST si avdeling i Plymouth. Han fortel at dei i dag trenar fartøy frå heile verda og gir dei seks veker med krigstrening. 

Treninga vil blir meir og meir kompleks di lengre ut i løpet me kjem. Målet er at fartøya skal kunna handtera ulike situasjonar, og framleis vera i stand til å utføra hovudoppdraget sitt, seier Carter Quinn.

Gjennom treningsperioden vil britane senda oppimot 60 instruktørar som skal gi tilbakemeldingar på korleis besetninga handterer ulike konfliktar som oppstår. Dei skal trena personellet til å fungera best mogleg saman.

Dei vil gi motstand i luftrommet, på overflate og undervatn. Slik får fregatten trent i alle domene. 

– Det vil også bli eksterne kampar dei må ta hand om, til dømes oppdaging av ubåt. Samstundes kan det plutseleg oppstå ein intern kamp som brann, vatn som trenger inn, eller skada personell, fortel briten.


Stor tru på positivt resultat

– Me er nøydt til å evna og læra, i tillegg til å visa at me tek til oss dei tilbakemeldingane me får, fortel skipssjefen. 

Den siste veka i treningsprogrammet vil det nemleg vera ei siste vurdering for å sjå om fregatten består programmet og dei krava som blir stilt. Grepne-Takle meiner alle spelar ei like viktig rolle for det endelege resultatet.

– På fartøyet må alle bidra likt. Alle er like viktige, om det så er å halda orden i etesalen, eller å lada kanon. Alle spelar ei rolle i det store biletet.

Sjølv om det blir hardt arbeid og lange dagar, har Grepne-Takle høge forventingar til dei komande vekene.

– Det blir kanskje litt rart å seia, men eg forventar at det skal bli kjekt med trening. Det skal vera gøy å trena på det som er vår primærjobb å meistra.

Publisert 14. februar 2020 14:16. | Sist oppdatert 21. februar 2020 10:10.