Utdanningscamp 009Utdanningscamp 009http://forsvaret.no/media/PubImages/230315jentecamp003.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1882Meir enn 400 ungdommar deltok på Forsvaret sin utdanningscamp i helga. Campen retta seg mot både teknisk personell og jenter. Foto: Sondre Lindhagen Nilssen
Utdanningscamp 005Utdanningscamp 005http://forsvaret.no/media/PubImages/230315jentecamp001.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1881Over 400 ungdommar frå heile landet deltok på Forsvaret sin utdanningscamp på Kjevik. Det er ny rekord. Foto: Sondre Lindhagen Nilssen
Utdanningscamp 001Utdanningscamp 001http://forsvaret.no/media/PubImages/230315jentecamp002.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=1879Nokre av deltakarane på utdanningscampen helga 20. til 22. mars 2015. Foto Sondre Lindhagen Nilssen

Rekordstor utdanningscamp

I helga arrangerte Forsvaret sin største utdanningscamp nokon gong. Over 400 deltok på campen på Luftforsvaret sitt skulesenter på Kjevik.

​​​​​​​​​​​​​​Utdanningscampen samla nesten 400 deltakarar fordelt på ein teknisk camp og ein såkalla jentecamp. Målsetjinga for campen er å auke rekrutteringa til teknisk utdanning, og samstundes å få fleire kvinner til Forsvaret. Forsvaret treng mykje folk frå teknisk bransje, særlig Luftforsvaret som står føre si største modernisering i nyare tid.

Betre miljø​​

1868 ungdommar har søkt lærlingplass i Forsvaret i år, ei auke på over 10 prosent frå i fjor. Mange av desse brukte helga på utdanningscampen på Kjevik ved Kristiansand.

– I avdelingar der begge kjønn er godt representerte, ser vi at det påverkar miljøet og trivselen i positiv retning. Kvinner er svært viktige ved til dømes utlandsteneste, sidan dei når fram til grupper og miljø som mannlege soldatar ikkje når, seier Harald Minde, oberst og sjef for Luftforsvaret sitt skulesenter på Kjevik.

Halvparten jenter​

Deltakarane kom frå heile landet. Dei var alle ungdommar som har bestått sesjon del 2, og dermed kvalifiserte til utdanning i Forsvaret. Meir enn halvparten av deltakarane i år var jenter. 

– Fleire tenestedyktige jenter vil auke Forsvaret si operative evne, sidan vi får dobbelt så mange menneske å velje mellom. Det vil gjere det enklare å knytte motivert personell og riktig kompetanse opp mot oppgåvene vi skal utføre, seier Minde.

Hilde Aasen (t.v.) og Karoline Michelsen har lyst til å gjere karriere i Forsvaret. Foto: Sondre L. Nilssen

Vurderer befalss​​kule

Hilde Aasen er ei av jentene som deltok på utdanningscampen i helga. Hun tykte det var gøy å få ein smakebit på livet i Forsvaret.

– Eg er interessert i kva slags moglegheiter som finst i Forsvaret, og derfor er eg her for å undersøke litt. Eg trur befalsskule ville vore ei spennande utfordring, seier ho. 

Venninna Karoline Michelsen var også til stades av same grunn, og dei hadde begge lyst til å prøve seg vidare i Forsvaret. 

Noreg er det første Nato-landet som innfører allmenn verneplikt. Det inneber at jentene blir vernepliktige på lik linje med gutane. Lovendringa trådde i kraft 1. januar i år.​
Publisert 23. mars 2015 11:59. av Sondre Lindhagen Nilssen, Forsvarets mediesenter. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:21.