mood-olsen001mood-olsen001http://forsvaret.no/media/PubImages/mood-olsen001.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=6657Ketil Olsen tar over som sjef for Militærmisjonen i Brussel 1. august. Her sammen forgjengeren Robert Mood som forlater Forsvaret etter 39 års tjeneste. Foto: Hanne Olafsen, Forsvaret
mood-fsjmood-fsjhttp://forsvaret.no/media/PubImages/mood-fsj.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=6656Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen heldt ei personleg tale til Mood. Foto: Hanne Olafsen, Forsvaret
mood-olsen002mood-olsen002http://forsvaret.no/media/PubImages/mood-olsen002.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=6658Ketil Olsen tar over som sjef for Militærmisjonen i Brussel 1. august. Her sammen forgjengeren Robert Mood som forlater Forsvaret etter 39 års tjeneste. Foto: Hanne Olafsen, Forsvaret
mood-avtakkingmood-avtakkinghttp://forsvaret.no/media/PubImages/mood-avtakking.JPGhttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=6655Robert Mood takkar for seg under ei samling hos Noregs ambassadør til Nato, Knut Hauge. Foto: Hanne Olafsen, Forsvaret

Sjefsbyte i Brussel

I august tar kontreadmiral Ketil Olsen over som sjef for Militærmisjonen i Brussel. Samstundes takkast generalløytnant Robert Mood av etter heile 39 år i Forsvaret.

​​​​​​​​​Han har ein lang og innhaldsrik militærkarriere bak seg. Sist veke blei generalløytnant Robert Mood takka av etter å ha vore i Forsvaret sidan 1977. Dei siste to åra har Mood vore forsvarssjefens mann ved Nato-hovudkvarteret i Brussel, som sjef for Militærmisjonen i Brussel. 

31. juli har Mood formelt sin siste dag i Brussel, og dagen etter tar kontreadmiral Ketil Olsen over sjefsposten.

omvising​​

Mood fekk vist etterfølgjaren sin rundt i kontorlokala i Brussel. Som sjef for Militærmisjonen i Brussel blir det Ketil Olsens oppgåve å vere Forsvarets talerør inn i allianse​n og å sørgje for at norske militære posisjonar og Noregs påverknad i Nato er størst mogleg.

Sjefsbytet i Brussel markerer også ein annan stor hending i Forsvaret. Det inneber nemleg at ein markant og erf​aren forsvarsmann seier takk for seg etter 39 år i Forsvaret. Måndag 6. juni blei Robert Mood takk av i Natos militærkomité, og to dagar seinare blei han takka av i residensen til Noregs ambassadør til Nato, Knut Hauge.

– Vemodig

Mood sjølv tykkjer det er trist å slutte i Forsvaret.

– Det er vemodig, men også heilt greitt. Heilt sidan starten i 1977, og tross ei «ein jobb av gangen»-innstilling, har eg jo visst at seinast ved 60 er det tid for å finne på noko anna, seier Mood som ikkje heilt veit kva han skal gjere no.

– Eg skal først ha ferie og vil rette ein takk til ein fantastisk flott arbeidsgivar. Tusen takk for ni givande og utfordrande år i Nord-Noreg, ni år i utlandet og 21 i Sør-Noreg, seier Mood.

Takk frå forsvarssjefen​

Jobben i Brussel har vore interessant på fleire måtar, seier generalløytnanten. 

– Det beste har vært moglegheita til å jobbe med dagsaktuelle viktige saker i vekslingsfeltet mellom politikk og militærstrategi. I tillegg har det vore eit utruleg godt og dynamisk miljø.

Forsvarssjef, admiral Haakon Bruun-Hanssen, heldt ein personleg tale til forsamlinga.

– Du er og har vore ein høgt respektert leiar. Du har vore klar, ærleg og inkluderande mot dei yngre offiserane dine. Eg er vi​ss om at karrieren din vil fortsette, anten i privat sektor eller i politikken, sa forsvarssjefen.​

Publisert 13. juni 2016 12:27. av Hanne Olafsen (Militærmisjonen i Brussel) og Forsvarets mediesenter. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:29.