– Det gjer vondt i pappahjartet å ikkje kunne bidra heime no

Noreg og Europa stengjer ned for å stogga koronaviruset. Men ikkje alle kan setja på pause – det gjeld òg NATOs ståande mineryddarstyrke.

​Heimevernet bidreg til strengare grensekontroll på Gardermoen og alle landets grenseovergangar, Hæren bidreg med feltsjukehus, og Luftforsvaret har stilt sine fly til disposisjon for sjuketransport, men også internasjonalt heldt Sjøforsvaret fram med det kollektive forsvaret av NATO, til tross for krisa som no råkar eit heilt verdssamfunn.

– Primært er fokuset å ta ansvar for å oppretthalde den kollektive beredskapen i NATO, og vedlikehalde evna vår til å løyse oppdraget vårt, seier kommandørkaptein Henning Knudsen-Hauge.

Førebudd på kriser

Han er styrkesjef i NATOs ståande mineryddarstyrke (SNMCMG1), ein av NATOs fire maritime reaksjonsstyrkar. Jobben hans er å sjå til at allierte farvatn er trygge i fred, krise eller krig.

 

 

aktuelt_2552_snmcmg1koronaaktuelt_2552_snmcmg1koronahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=21787/media/PubImages/HQ200301_NORN_SNMCMG1_004.jpg


Styrken hans har vore ute sidan midten av januar, og har operert i store delar av Nord-Europa. Sjølv om situasjonen er utfordrande, er dei vande med å operera under ukjende forhold.

– Eg har brukt heile min vaksne yrkeskarriere på å øva på heile spekteret av Forsvarets oppdrag, alt frå støtte til sivilsamfunnet og operasjonar under dei mest komplekse krigsscenario – eller til operasjonar under kriser, akkurat som no, forklarar styrkesjefen.

Det kjennest ikkje alltid berre greitt i pappahjartet å ikkje kunne vera til stades med familien i slike ekstraordinære situasjonar

Til no har den ståande styrken ikkje vore utsette for viruset, noko dei forsøker å halde fram med for å sikra beredskapen. Sjølv har han satt i gang ei rekkje preventive tiltak for å hindre at viruset går ut over den operative evna deira. 

Hundrevis av kilometer borte heimanfrå sine to døtrer og kona er styrkesjef Henning Knudsen-Hauge framleis på jobb for den kollektive tryggleiken i NATO. Foto: Marius Vågenes Villanger, Forsvaret/NATO

– Vi har moglegheit for å vera til sjøs over lengre tid utan fysisk kontakt med omverda. Det gjer at vi praktisk talt kan isolere oss sjølve, samstundes som vi løyser oppdrag, forklarar Knudsen-Hauge.

Kjenner det i pappahjartet

Sjølv om han har brukt mykje tid på å førebu seg sjølv og familien på at pappa i verste fall må inn i en skarp krigssituasjon, er det aldri lett å fullt ut førebu seg på ei krise som den som no har råka verdssamfunnet.

– For dei små heime var det rart nok i seg sjølv at pappa skulle vera borte på jobb i seks månader, seier Knudsen-Hauge.

Han forklarar at ein fort kjem inn i ei boble om bord, der ein vert veldig fokusert på det som skjer her og no. Dermed vert det vanskelegare å setje seg inn i korleis ting er annleis på heimebane.

– Det kjennest ikkje alltid berre greitt i pappahjartet å ikkje kunne vera til stades med familien i slike ekstraordinære situasjonar, seier han.

 

 

aktuelt_2552_snmcmg1koronaaktuelt_2552_snmcmg1koronahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=21789NATOs ståande mineryddarstyrke bidreg til å halda allierte farvatn trygge. Foto: NATO/media/PubImages/170608_NORN_SNMCMG1_006.jpg


Dei er meir eller mindre isolert på eit grå-måla marinefartøy fleire hundre kilometer heimanfrå. På land og heimebane må folk tilpassa seg den nye kvardagen med heimekontor, heimeskule, heimebarnehage og usikkerheita som rådar. Sjølv har styrkesjefen to barn og kone heime.

– Spesielt for kona er det sjølvsagt ein krevjande situasjon. Samstundes veit eg at ho står dette av. Eg er særs stolt over «heimefronten», forklarar styrkesjefen.  

Elles er det «keep calm and wash your hands» som gjeld.

Det er ikkje noko som tyder på at han kjem heim med det første. Oppdraget med å leia ein av reaksjonsstyrkane i NATO har han heilt fram til sommaren, noko han etter alt å dømma skal gjera.

– Utbreiinga av Covid-19 har allereie ført til at vi har innført ei rekkje førebyggjande tiltak. Framover vil vi nok også gjere ei rekkje endringar i det planlagde programmet, særleg opp mot kva hamner vi kan besøke.

På spørsmål om korleis han har handtert situasjonen med dei nærmare 250 internasjonale marinemannskapane han har under seg, er svaret klart:

– Eg har bede mannskapa mine om å ta forholdsreglar, førebu seg på ein eller fleire lengre periodar til sjøs utan fysisk kontakt med omverda. Elles er det «keep calm and wash your hands» som gjeld, avsluttar styrkesjefen med eit smil.

 Les mer om

 

 

aktuelt_2552_snmcmg1koronaaktuelt_2496_norskledelseinatossj/aktuelt/norsk-ledelse-i-natos-sjoestyrker/media/PubImages/DSC_6809.jpgNorge tar styringen over NATOs nordlige marinestyrkerNorge har nå kommandoen over halvparten av NATOs stående marinestyrker i Europa.aktuelt_2552_snmcmg1koronahttp://forsvaret.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=8041

Publisert 23. mars 2020 12:11. | Sist oppdatert 23. mars 2020 12:13.