IMG_0532IMG_0532http://forsvaret.no/media/PubImages/IMG_0532.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5759Forsvarsministeren i samtale med to norske soldatar i Mali. Foto: Sigurd Tonning-Olsen
IMG_0405IMG_0405http://forsvaret.no/media/PubImages/IMG_0405.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5756Det norske Hercules transportflyet har vore i lufta nærast dagleg sidan slutten av januar. Foto: Sigurd Tonning-OlsenDet norske Hercules transportflyet har vore i lufta nærast dagleg sidan slutten av januar.
IMG_0487IMG_0487http://forsvaret.no/media/PubImages/IMG_0487.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5757Ministrane fekk helse på dei norske styrkane i Bamako. Foto: Sigurd Tonning-Olsen
mali-hovedbildemali-hovedbildehttp://forsvaret.no/media/PubImages/mali-hovedbilde.jpeghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=5762Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide og utanriksminister Børge Brende besøkte Mali denne veka. Foto: Sigurd Tonning-Olsen

Møtte soldatane i Mali

Torsdag gjesta forsvarsminister Ine Eriksen Søreide og utanriksminister Børge Brende dei norske soldatane i Mali.

​​​​​​​​– Dette er eit veldig viktig bidrag, fordi det er med på å tryggje styrkane i FN-operasjonen. Transportflyet bidrar dessutan til å effektivt flytte personell og gods raskare i eit risikoutsett område, sa forsvarsministeren til dei norske styrkane.

Mali er eit stort land med enorme avstandar mellom byane, noko som skapar eit stort behov for lufttransport.

Nesten dagleg

Sidan slutten av januar har det norske C-130J Hercules transportflyet vore i lufta nesten dagleg i teneste for FN-operasjonen MINUSMA.

Over 3300 passasjerar og over 100 tonn last er frakta til FN sine leirar rundt om i Mali. Det vestafrikanske landet har vore ramma av politisk ustabilitet og uro i fleire år. FN skal støtte den politiske prosessen for å skape stabilitet og tryggleik for folka i landet.

– For oss er dette eit utruleg viktig bidrag til regional stabilitet og fred. Vi ser korleis ustabilitet i dette området verker inn på norsk og europeisk tryggleik, sa Søreide.

Prioriterer høgt​​

Ho fekk støtte frå utanriksminister Børge Brende.

– Utfordringane med tryggleiken i dette området påverkar oss både direkte og indirekte. Derfor er innsatsen vår i MINUSMA viktig. Mali er eit av fokuslanda for norsk utviklingsbistand og derfor høgt prioritert. Tusen takk for innsatsen dykkar i dette bidraget, sa Brende til dei norske styrkane.

Noregs lufttransportbidrag i Mali skal etter planen vare i ti månader.

Publisert 18. mars 2016 11:03. av Sigurd Tonning-Olsen, Luftforsvaret. Omsett til nynorsk av Forsvarets mediesenter. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:28.