Øving Flotex 2016Øving Flotex 2016http://forsvaret.no/media/Lists/YouTubeVideoList/DispForm.aspx?ID=216https://youtu.be/S7GKUIhvYd4

Største norske marinestyrke sidan den kalde krigen

Flotex nærmar seg slutten, men øvinga har samla den største norske sjømilitære slagkrafta i nord sidan den kalde krigen.

​​​​​​​​​​​​​​​Den synlege delen av kampkrafta er fregattar og korvettar, medan skjult under havet opererer norske ubåtar av Ula-klassen med tunge torpedoar. I år mønstra Marinen fire fregattar og fem korvettar, i tillegg til ubåtane. 

Saman med mineryddarstyrken og dei maritime landavdelingane er dei ein svært kapabel kampstyrke. ​

​​Kvar fregatt og korvett kan bere med seg inntil åtte NSM kryssarmissil, som kan angripe både land- og sjømål på lang avstand med høg presisjon.​​​​

Kuttar i stabar og leiing

For å bemanne det auka talet på krigsskip, har Sjøforsvaret mellom anna redusert i stabar og bemanna fleire fartøy.

– Vi har kutta i leiing, støtte og administrasjon for å frigjere pengar og personell til å drifte fleire krigsskip. Å segle nok krigsskip er heilt naudsynt for at vi skal kunne gjere jobben Noreg forventar av oss, seier kontreadmiral Lars Saunes, sjef for Sjøforsvaret.

​Saka fortset under bileta.

 

 

Marinens fregatter og korvetter seiler i formasjon i Andfjorden under Flotex 2016. / During the exercise Flotex 2016Marinens fregatter og korvetter seiler i formasjon i Andfjorden under Flotex 2016. / During the exercise Flotex 2016http://forsvaret.no/media/PubImages/20161128JLH_8570.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8070Marinens fregatter og korvetter seiler i formasjon i Andfjorden under Flotex 2016. Foto: Johan Ludvig Holst, Forsvaret
Marinens fregatter og korvetter seiler i formasjon i Andfjorden under Flotex 2016. / During the exercise Flotex 2016Marinens fregatter og korvetter seiler i formasjon i Andfjorden under Flotex 2016. / During the exercise Flotex 2016http://forsvaret.no/media/PubImages/20161128JLH_8669.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=8072Marinens fregatter og korvetter seiler i formasjon i Andfjorden under Flotex 2016. Foto: Johan Ludvig Holst, Forsvaret

Formålet med Flotex er mellom anna å trene enkeltfartøya i primære stridsdisiplinar som taktiske øvingar, våpenøvingar og samverkeøvingar – i tillegg til tryggings- og sjømannskapsøvingar.

Testar ny teknologi​

Sjøforsvaret har òg trena mykje på maritime spesialoperasjonar, og heile Marinejegerkommandoen har vore med på øvinga. Denne typen trening og kapasitet er særleg viktig og relevant for ein maritim nasjon som ​Noreg.

Øvingar som Flotex er dessutan gode plassar for å teste og eksperimentere med ny teknologi. I år testa Marinen og Forsvarets forskingsinstitutt​ ut additiv produksjon – betre kjend som 3D-printing. Testane har gått etter planen og gitt verdifull informasjon om korleis Forsvaret kan bruke teknologien.

Publisert 30. november 2016 14:43. av Per Rostad (tekst), Johan Ludvig Holst (foto) og Forsvarets mediesenter (video og redigering). Sist oppdatert 30. november 2016 15:18.