Lærling på havet

Når bølgene slår mot skroget, trivst Oliver best. Med hanskar på og kniven i lomma held han fartøyet i stand. Mens resten av mannskapa går i land på kai, blir han igjen for å arbeide.

I byssa er frukosten i full sving, og fartøyet har nett lagt til kai på Haakonsvern. Dei fleste er budd på ein ny dag, men Oliver ser fram til å legge seg i bikka i nokre timar. Vaktene er lange, og arbeidet tar på. Likevel angrar han ikkje på valet av læreplass.

– Det var eigentleg berre Forsvaret eg tenkte meg i, seier Oliver Johannessen. Han er andreårslærling som takkelgast på KNM «Fridtjof Nansen».

Etter utplassering på Kystvakta andre året på vidaregåande fekk han ein peikepinn på livet i Forsvaret og kjente det freista.

– Det verka som eit interessant yrke heilt frå eg starta på vidaregåande, og når eg fekk læreplass fire dagar etter sesjon takka eg ja med ein gong. Det var lenge før dei sivile stillingane eg søkte, fortel Oliver.

 

 

aktuelt_2470_taklarlivetpaahavetaktuelt_2470_taklarlivetpaahavethttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20931/media/PubImages/20191118th_ 11043.jpg
aktuelt_2470_taklarlivetpaahavetaktuelt_2470_taklarlivetpaahavethttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20932/media/PubImages/20191118th_ 10340.jpg
aktuelt_2470_taklarlivetpaahavetaktuelt_2470_taklarlivetpaahavethttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20933/media/PubImages/20191118th_ 10339.jpg


Variert arbeid

Arbeidskvardagen har svara til forventningane. Som takkelgast har ein eit stort ansvar med vedlikehald av fartøyet. Ein arbeider på dekk, er med på fortøying, slep, bunkring til sjøs, målar, alt som ikkje har med våpen eller skipsteknisk å gjera. I tillegg er takkellærlingane bruvakt og enten røykdykkar eller røykdykkarassistent på havari, noko Oliver synast er spennande.

– Ein jobbar mykje om bord, og eg følar eg har lært veldig mykje og fått godt utbytte av læretida så langt.

På fregatt jobbar takkelgasten vanlege arbeidsdagar når ein ligg til kai, og når ein er på seilas er ein på kvar dag. Slik er det ikkje i Kystvakta der ein arbeider turnus med seks ukar på og tre ukar av. Likevel får Oliver litt tid til å reise heim til Vannøya i Troms i vanlege feriar som dei får i Marinen.

 Les mer

 

 

aktuelt_2470_taklarlivetpaahavetkarriere_1697_laerlingiforsvaret/larling/media/PubImages/learling_forstegangstjeneste_landingsside.jpgVil du bli lærling i Forsvaret?Forsvaret har om lag 30 ulike lærefag som varierer fra år til år. Søknadsfristen er 15. februar.aktuelt_2470_taklarlivetpaahavethttp://forsvaret.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=7698


Ulike roller

Det beste med å jobbe på fregatt er å segle langs heile norskekysten, i utlandet og delta på øvingar med andre NATO-fartøy, meiner Oliver.

– Det er ganske annleis frå Kystvakta til fregatt; det er to heilt forskjellige verder. Kystvakta driv med nærvær og inspeksjonar og dei er mykje ute å seilar.


Sjølv om Oliver ikkje seglar like mykje på KNM «Fridtjof Nansen», fins det anna oppdrag fartøyet tar på seg. Som krigsskip hender det at ein må ut på oppdrag både i og utanfor Noreg.

– Det hender at ein blir sendt ut i ekte situasjonar, og det er ein viktig jobb vi gjer. Nansen har vore i Adenbukta og beskytta sivile fartøy mot piratverksemd, og vi blir sende ut for å vise nærvær når russarane seglar. Det er ein viktig jobb vi gjer, ein føler ein bidrar når ein er om bord, seier Oliver.

Det Oliver likar best er å seile, og det får han gjort uansett.

– Både i Kystvakta og på fregatt er det veldig mange opplevingar, og det er interessante læreplassar.

Fin arbeidsplass

Trivselen er stor om bord på fregatten. Det er mange å ta omsyn til og ein har liten plass. Dette er ikkje noko problem for mannskapet.

– Det er godt arbeidsmiljø og veldig godt samhald om bord. Vi er veldig mange, og mange tett oppå kvarandre og det er berre noko ein må bli vant til, men det skapar godt samhald, rosar Oliver.


Det å bu så mange saman gjer at ein må ta ansvar og tenke på skipet framfor ein sjølv. Det har også Oliver merka.

– Eg har utvikla meg i løpet av militærtenesta, eg føler eg har vorte meir skikka, og eg har lært om holdningar og respekt.

Det å vere lærling i Forsvaret gjer at ein må reflektere meir over stillinga si enn i andre yrke. Etter at han kom på fregatt har også Oliver brukt tid på det.

– Eg tenker på alvoret av å vere i Forsvaret ofte. Det at vi er på et krigsskip og ein konflikt kan plutseleg bli reel. Ein må tenke over det før ein søkar seg inn i Forsvaret, og det ligg litt i baktankane at noko kan skje. Ein har valet til å seie nei, men eg hadde nok vorte med, seier Oliver.

Han er bestemt på at han ønsker å fortsette i Forsvaret etter lærlingtida. Det er ein fin arbeidsplass med godt samhald meiner han.

– Dei 15 månadene har gitt meirsmak. Eg har lært å pushe meg sjølv og sette nye grenser, samtidig som eg har lært meir om dekksfaget, det er fint å ta med seg vidare.

 Les mer om

 

 

aktuelt_2470_taklarlivetpaahavetkarriere_1842_takkelgast/karriere/forstegangstjeneste/muligheter/sjoforsvaret/takkelgast/media/PubImages/tjenestemuligheter-sjo-20170508LTR_9444.jpgTakkelgastTakkelgasten er en del av takkeldetaljen om bord og har ansvaret for fartøyets ytre vedlikehold, herunder rengjøring, rustpikking, maling, vedlikehold av tauverk, anker, trosser, overføringsutstyr med mer.aktuelt_2470_taklarlivetpaahavethttp://forsvaret.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=7685


Publisert 5. desember 2019 11:50. | Sist oppdatert 11. desember 2019 15:30.