Forsvaret, år 1Forsvaret, år 1http://forsvaret.no/media/PubImages/forsvaret-max-02.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=4472
Forsvaret, år 1Forsvaret, år 1http://forsvaret.no/media/PubImages/forsvaret-max-01-kopi.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=4473
Forsvaret, år 1Forsvaret, år 1http://forsvaret.no/media/PubImages/Forsvaret-max-03.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=4474

Følg soldatlivet via skjermen

Tysdag 24. november startar tv-serien «Forsvaret» på MAX. I serien kan du følgje vernepliktige og elevar i Forsvaret gjennom eit heilt år.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Filmteamet frå produksjonsselskapet Novemberfilm har følgt fem avdelingar i Forsvaret sidan sommaren 2014. 

– Vi har følgt soldatane frå dei kom inn i Forsvaret, fram til dimisjon eller slutten på første skuleår, fortel prosjektleiar Fredrik Tandberg ved Forsvarets mediesenter.

God​​e og vonde dagar

Sjåarane får følgje elleve vernepliktige soldatar og elevar frå Grensevakta, Forsvarets ingeniørhøgskule, ​Kampeskadronen, Luftforsvarets flygeskule og fregatten KNM «Fridtjof Nansen».

– Saman med Novemberfilm har vi plukka ut avdelingar som vi tykkjer syner breidda og moglegheitene i Forsvaret på ein god måte, seier løytnant Tandberg.

I serien har tv-teamet har vore til stades også når soldatane har hatt det tøft, møtt motstand eller feila.

– Nettopp det at Novemberfilm har hatt tilnærma full tilgang, har gitt eit unikt innblikk i kvardagen til soldatane. Vi har fantastiske soldatar i Forsvaret, og eg har aldri vore redd for å vise fram dei delane av tenesta som inneber motgang og tøffe periodar. Soldatane er dei beste ambassadørane våre, seier Tandberg.

Kvifor​ tv-serie?

Openheit har vore sentralt i kommunikasjonen til Forsvaret dei siste åra, og Forsvaret har jobba for å vise befolkninga kva vi gjer, og kvifor.

– Slike tv-seriar har blitt svært populære. Publikum ønskjer å vere med inn i organisasjonar og sjå korleis livet er på innsida, seier Tandberg. 

Løytnanten legg til at Forsvaret også ønskjer å sleppe media inn, og la dei fortelje om forsvarslivet frå eit litt anna perspektiv.

– Media har ofte andre inngangar og spørsmål, dei vinklar på ting vi fort tek for gitt om oss sjølve. Denne kombinasjonen er bra for dei som ønskjer å vite kva Forsvaret er, og kven som jobbar der, seier han. ​

Om serien​

«Forsvaret» har premiere tysdag 24. november på MAX klokka 21.30. Serien blir sendt i reprise på same kanal laurdagar klokka 20.30. 

Serien blir òg sendt på TVNorge måndagar klokka 22.00. Serien tek julepause etter dei fem første episodane.

Sjå MAX sin forsmak på serien i videoen under.

 

 

Smakebit frå serien «Forsvaret»Smakebit frå serien «Forsvaret»http://forsvaret.no/media/Lists/YouTubeVideoList/DispForm.aspx?ID=127https://www.youtube.com/watch?v=x1KJKNHzLzo&feature=youtu.be


Publisert 19. november 2015 17:51. av Forsvarets mediesenter. Foto og video: TVNorge/MAX og Novemberfilm. Sist oppdatert 28. juni 2016 10:25.