AM-1 Move from EMAS to Soft StationAM-1 Move from EMAS to Soft Stationhttp://forsvaret.no/media/PubImages/17167051055_a303228fae_o.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3773April 2015: AM-1 blei løfta ut av monteringsdokken 9. april 2015. Sidan fekk det montert på sensorar, motor og andre system før «coatingen» på skroget blei lagd på. Foto: Lockheed MartinApril 2015: AM-1 stands with weight on wheels for the first time, a significant milestone for the jet as it moves down the production line at Lockheed Martin's mile-long assembly plant in Fort Worth in Texas.
Move of AN-1 from final assembly to the AFF buildingMove of AN-1 from final assembly to the AFF buildinghttp://forsvaret.no/media/PubImages/20892221225_dce5af571a_o.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3775August 2015: Her blir flyet køyrt ut frå fabrikken i Fort Worth i Texas. No skal det over i ein målehall for siste strøk. Foto: Lockheed MartinAugust 2015: The fighter is transported out from the plant and over to the final finishing facility at Fort Worth in Texas. Photo by Lockheed Martin
Move of AN-1 from final assembly to the AFF buildingMove of AN-1 from final assembly to the AFF buildinghttp://forsvaret.no/media/PubImages/20704166570_6586f9ba68_o.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3774August 2015: AM-1 blei flytta frå fabrikken og over i ein målehall kor det skal få på det ytre dekket på skroget. Foto: Lockheed MartinAugust 2015: Norway's first F-35 was moved from the final assembly to the final finishing facility at Fort Worth on 19 August. Photo by Lockheed Martin
Norsk F-16 flyr sørøst for Oppdal, før den skal returnere til Ørland / RNoAF F-16 668 is caught while turning hard towards the camera ship, south-east of Oppdal, while returning to Oerland. The practice sortie focused on "surface attack tactics".Norsk F-16 flyr sørøst for Oppdal, før den skal returnere til Ørland / RNoAF F-16 668 is caught while turning hard towards the camera ship, south-east of Oppdal, while returning to Oerland. The practice sortie focused on "surface attack tactics".http://forsvaret.no/media/PubImages/Morten Hanche IMG_05172015-06-01.jpghttp://forsvaret.no/media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=3776F-16 har vore Noregs kampfly sidan 1980, no får F-16 ei etterlengta avløysing. Foto: Forsvaret

F-35 før, no og framover

Norske F-16 er blant verdas beste, men dei er også blant verdas eldste. No får dei ei etterlengta avløysing.

​​​​​​​​​​Behovet

Det første norske F-16-flyet kom til Noreg i 1980, og til saman kjøpte staten 74 fly til Forsvaret i løpet av 1980-talet. Hovuddelen av den norske flyparken har dermed vore i teneste i over tretti år. Den teknologiske utviklinga, slitasjen på flykroppane og den avgrensa tilgangen p​​å reservedelar, gjorde at staten og Forsvaret tidleg på 2000-talet sette i gong arbeidet med å velje ut og kjøpe inn Noregs nye kampfly.

VALET

I 2008 fall valet på F-35. Flyet blir produsert av amerikanske Lockheed Martin, men mykje av teknologien er utvikla gjennom eit fleirnasjonalt utviklingsprogram. Noreg har vore med i dette programmet sidan 2002. I planen ligg det at Noreg skal kjøpe opptil 52 nye kampfly, og per 2017 har Stortinget gitt fullmakt til å bestille 40 av dei.​

​BYGGINGA​

Bygginga av det første norske flyet, AM-1, tok til i september 2013. Skroget blei montert i januar 2015, og 9. april stod AM-1 på eigne hjul. Bygginga av Noregs andre fly, AM-2, starta i oktober 2013.

MILEPÅL​​​AR frå 2015:

  • Juni 2015: Det første norske personellet kjem til Luke Air Force Base i Phoenix i Arizona. Her får norske teknikarar og flygarar si utdanning.
  • 22​. september 2015: AM-1 er klart og blir presentert offentleg som første norske F-35. Noregs andre fly, AM-2, er ferdig berre nokre dagar etterpå.
  • Hausten 2015: Dei første norske flygarane startar på overføringskurset frå F-16 til F-35. Dei skal sidan jobbe som instruktørar ved Luke fram til 2017.
  • 6. oktober 2015: For første gong er eit norsk F-35 i lufta. AM-2 fekk æra då flyet blei testa ved fabrikken i Fort Worth i Texas.
  • 10. november 2015: AM-1 og AM-2 landar på Luke Air Force Base. Same dag flyr for første gong flyr ein nordmann eit F-35. Det var Morten «Dolby» Hanche som fekk æra då han flaug ein treningstur med eit amerikansk F-35.
  • 14. desember 2015: Morten Hanche blir første norske flygar som flyr eit norsk F-35.
  • Våren 2016: Den første gruppa med norske flygarar startar F-35-utdanninga si ved Luke. Elevane er erfarne F-16-flygarar frå ulike skvadronar i Noreg.
  • Sommaren 2016: Noregs tredje og fjerde fly kjem til Luke. Samstundes er utdanninga av norske flygarar og norske teknikarar i full gong.
  • Oktober 2016: Dei første norske teknikarane på overføringskurs kjem til Luke for å starte på praksisdelen.
  • Vår 2017: Den norske avdelinga blir fulltallig med flygarar og instruktørar stasjonert på Luke. Oppstart av første overføringskurs for norske flygarar som skal tilbake til Noreg etter kursslutt.
  • Forsommar 2017: Norges fly nummer 5, 6, og 7 kjem til Luke. Dei tre flya skal vere i USA nokre år framover og brukast til trening. Deretter skal dei til Noreg.
  • Sommar 2017: Forsvaret er i hamn med opplæringa av grunnpersonellet innan F-35-miljøet. Det betyr at vi har utdanna nok flygarar og teknikarar til å drifte F-35-avdelinga på Ørland. Vidare opplæring av teknikarar skjer heretter i Noreg. Norske flygarar som får F-35-opplæring i USA, blir sende heim for å byggje opp avdelinga på Ørland.
  • 3. november 2017: Noregs fly nummer 8, 9 og 10 landar på Ørland flystasjon i Sør-Trøndelag. Dette er dei første F-35-flya på norsk jord.
  • 22. mai 2018: Noregs fly nummer 11, 12 og 13 landar på Ørland. No har Noreg mottatt ein firedel av dei planlagde 52 nye flya. Seks fly er i Noreg, og sju er i Arizona for utdanning og trening.
  • 21. september 2018: Noregs fly nummer 14, 15 og 16 er på plass på Ørland. No er ni fly komne til Noreg, og ytterlegare sju er i Arizona for utdannings- og treningsføremål.

​Milepålar framover

  • 2017–2019: Sjølv om dei første flya kjem til Noreg, vil ikkje F-35 gå inn i operativ drift med ein gong. Dei neste to åra skal Forsvaret teste flya grundig, slik at vi veit at dei taklar alle typar vêr- og klimaforhold her heime. I tillegg må mange avdelingar og fagmiljø i Forsvaret bli kjende med dei nye flya, og finne rolla si i det nye kampfly-konseptet. F-35 gir uendeleg nye og gode moglegheiter for Forsvaret, og organisasjonen treng derfor tid til å lære seg å utnytte kampflya best mogleg.
  • 2019: I løpet av året vil dei første F-35-flya gå inn i operativ drift og gradvis erstatte F-16. Dette kallar vi på fagspråket initial operational capability, IOC. Mellom anna skal F-35 starte å løyse NATO-oppdraget quick reaction alert (QRA). Flya får base på Ørland flystasjon i Sør-Trøndelag​, med ein framskoten base på Evenes i Nordland. Dei siste åra har Forsvarsbygg bygt ut Ørland flystasjon, mellom anna med nytt skvadronsbygg, bustadar og hangarar. I tillegg er rullebanen forlengt frå 2714 meter til 3000 meter.
  • Frå 2019 skal norske kampflyelevar utdannast ved Luke. I dag reiser elevane til Tucson i Arizona etter grunnopplæringa på Sheppard Air Force Base i Texas. Den norske avdelinga ved Tucson skal byggjast ned frå 2018.​
  • Fram mot 2022 byggjer Forsvarsbygg ut Evenes flyplass. Evenes blir ein framskoten base for F-35 og hovudbase for Noregs nye maritime patruljefly, P-8A. Store oppgraderingar ventar, mellom anna skal dagens bygg pussast opp, og vi skal byggje ein heilt ny hangar for P-8A-flya.
  • 2023: Fram til 2023 skal Noreg ha sju fly ved Luke Air Force Base. Flya skal brukast til opplæring og trening av norsk og utanlandsk personell. I 2023 skal tre av dei norske flya heim til Noreg, og etter det skal berre fire norske fly vere fast stasjonerte i USA.
  • 2024: Noreg får etter planen levert dei seks siste flya sine. Då skal Noreg ha kjøpt og fått levert alle dei 52 planlagte flya. 48 skal operere frå Noreg, mens dei fire siste skal brukast til opplæring og trening av norsk personell i USA.
  • 2025: Oppbygginga av den norske kampflyflåten skal i stor grad vere fullført. Dermed oppnår F-35 etter planen full operasjonell kapasitet – på fagspråket kalla full operational capability, FOC.

Vegen vidare for F-35

2008

Noreg veljer kampflyet F-35 etter to år med kravutvikling, konkurranse og evalueringar. Kjøpet omfattar per 2015 inntil 52 fly som med våpen og utstyr er venta å koste 67,9 milliardar kroner.

2015

Noreg får sine første to fly på hausten. Dei fire første norske flya blir leverte i 2015–2016 og skal brukast til opplæring og trening på Luke Air Force Base i USA.

2017

Dei første F-35-flya landar på norsk jord. Frå 2017 til 2024 får Noreg levert seks nye kampfly kvart år.

2019

Norske F-35 oppnår si første operative evne. Luftforsvaret har no fått nok fly, teknikarar, flygarar og våpen til at F-35 kan begynne å ta over oppgåver frå F-16.

2025

Norske F-35 når full operativ evne. Dette inneber at alle flya, personellet, våpena og ustyret er på plass, inkludert det norskutvikla missilet Joint Strike Missile.

Publisert 17. september 2015 12:03.. Sist oppdatert 31. oktober 2018 08:54.