forsvaret_283_oppdragetforsvaret_283_oppdragethttp://forsvaret.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=20249https://youtu.be/XtB_tkMaPMI

Verdien for Forsvaret

Dei nye kampflya er blant dei råaste i verda. F-35 vil gjere heile Forsvaret betre – og Noreg tryggare.

​​​Forsvaret er midt inne i ei større modernisering, og kjøpet av F-35 er ein heilt sentral del i denne moderniseringa. Dei nye kampflya blir ein avgjerande kapasitet som opnar eit vell av nye moglegheiter for Forsvaret. 

Forsterka sensorar og system gjer at vi kan overvake Noregs veldige land- og havområde raskare og me​ir effektivt. Vi vil òg få ei betre forståing av situasjonen. Dette vil gjere Forsvaret enda betre i stand til å hevde norsk suverenitet og tryggingspolitiske interesser.

Mykje meir enn ein ny F-16

​Sidan 1980 har F-16 vore ein avgjerande kapasitet for det norske forsvaret, og snart blir dei avløyste av F-35. Men dei nye kampflya er langt meir enn ei erstatning for dagens jagarfly – dei er eit heilt nytt system som tek Forsvaret inn i ei ny tid. Samanlikna med F-16 vil F-35 vere langt betre eigna til å bidra i det framtidige forsvaret av Noreg. 

F-35 har alt av drivstofftankar, våpen og sensorar inne i flyet. Sjølv med last vil det fly raskare, kraftigare og lengre enn dei fleste andre tilsvarande kampfly på marknaden i dag. F-35 har dessutan system og sensorar som gjer flyet overlegen i luftkamp.

Dei første F-35 landa i Noreg 3. november 2017, og dei første to åra skal Forsvaret teste og evaluere kampflya grundig i norske vêr- og klimaforhold. I tillegg må fleire avdelingar og fagmiljø i Forsvaret lære det nye kampflysystemet å kjenne, og finne si rolle inn i det nye kampflykonseptet.

Frå 2019 vil dei nye kampflya gravis overta oppgåver frå F-16. F-35-flåten skal vere fullt operativ i 2025.

Teknologi i verdsklasse

Kampflya har eit avansert system som samlar og fordøyer alle data og målingar frå sensorane. Flyet skapar dermed eit ferdigtygga bilete som gir flygaren ei overlegen forståing og oversikt over situasjonen. Dette kan flygaren bruke til eigen fordel for å vinne ein luftkamp.

Med F-35 blir Noreg tøffare og raskare ved utrykkingar og avskjeringsoppdrag i nordområda. Sensorane gjer at F-35 vil finne, følgje og identifisere andre fly frå langt større avstandar enn i dag. F-35 kan dessutan gjere denne jobben utan å bli oppdaga av andre fly.

Fleire av våre viktigaste allierte og partnarar har òg kjøpt F-35. Eitt, felles kampflysystem vil difor gjere fleirnasjonale luftoperasjonar og anna militært samarbeid langt enklare og meir effektivt i framtida.​​

Publisert 17. september 2015 12:03.. Sist oppdatert 10. september 2019 14:22.